Hopp til innhold

Kronikk: Kjære, sære bygda mi

Mange kommunar opplever nedgangstider, for Vang er det ikkje slik. Det blæs ein positiv vind i både næringsliv og folketal. Det skriv kronikkforfattaren meir om her.

Grindafjell

MÅLET: Grindafjell er det høgste fjellet i Vang i Valdres. Målet i kommunen er å få like mange innbyggarar som fjellet er høgt – 1724 meter – innan 2020.

Foto: Magnor Wigdel

Logo valgkronikk

Eg kunne sagt mykje om kommunereforma og den uheldige sentraliseringa den ville føre med seg, men det kan vi ta ein annan gong. Eg vil berre innleiingsvis peike på at Vang i Valdres er ei lita kommune, med under 1700 innbyggjarar. Sist valdebatt møtte 10 prosent av dei stemmeberettiga fram, dvs 120 personar.

Ytterlegare 300 har sett videoopptaket av debatten på nett, så engasjementet i Vang er antakeleg noko utanom det vanlige. Og kanskje er det nettopp dette engasjementet som bidreg til at pilene for tida peikar rett veg?

Levande bygd

Erlend Eggen

Glad i Bygda: Erlend Eggen frå Vang i Valdres er glad i levande bygder.

Foto: Privat

For Vang sitt vedkomande trur eg det politiske engasjementet vi opplever i desse dagar heng tett saman med kor levande bygda er. Her er det mange som for lengst har hoppa ned frå gjerdet og bretta opp ermene for å ta i eit tak. Folk jobbar uendelege timar i frivillige organisasjonar, dei starter eigne verksemder og initierer kulturelle hendingar. Dette er ikkje unikt for Vang, det lyt med andre ord vere ein hemmeleg ingrediens i suksessoppskrifta. Men kva er no eigentleg det?

Eg trur mykje ligg i å godta, leggje til rette for og beint ut «elske fram» det særeigne, det rare, og unike. Og då må vi tåle at folk kjem med idear som høyrest ut som galskap.

«Humørbonden» Geir Styve i Lindås kommune har realisert ein idé som nok dei fleste ville heva augebryna kraftig over; eit Bygdedyrreservat. Styve opplevde fleire gonger motstand mot sine ville idear, og kanskje har han funne ut at reservatet gjer det enklare å få ideane ut i live?

Folkevekst

Vang har hatt ei positiv utvikling i folketalet dei siste åra. Grunnane kan vere mange, men framveksten av rare og unike føretak er påfallande. Bygdeutviklingsføretaket Innovangsjon har nye næringar og blest høgt på agendaen og er ein viktig katalysator.

Fotograf Catrine Dokken har full avtalebok med bedrifter som får produsert unike bilete av røffe arbeidsplassar. Kontorfellesskapet 1724 med skigardar mellom pultane, bjørketre og fuglesong på do har fått rikspressa på døra fleire gonger. Festivalen Vinjerock med «Aasmunds discobar», «frøsin kaffi» og «blomsesafari» blir utseld på ti sekund.

Ved å marknadsføre desse sære føretaka har vi fått eit yngre miljø og fleire kompetente søkjarar – også til kommunale stillingar. Bedrifter har som ein følgje av dette blitt flinkare til å lyse ut stillingane sine, og folk der ute har fått med seg at det er i Vang «det skjer».

Mang ein bygut- eller jente prøver lykka, utan den tradisjonelle, familiære tilknytinga.

Kampen om å skilje seg ut

Så kjem den store utfordringa: Konkurransen om å skilje seg ut er stor. Ei heil verd jobbar med å fremje det rare og autentiske. Korleis skal norske bygder halde tritt?

Om vi let engasjementet blomstre, set pris på rare idear og pratar varmt om alle dei ulike verksemdene så vil vi fortsette å vekse inn i framtida. Kombinasjonen av eit roleg liv på bygda og opplevingar som set sansane i høggir er resepten i dag. På dei mest avsidesliggjande plassar i landet gjer nokon stor suksess med hallingdansarar i elver, hundekøyring på ville vidder, turguiding med gitarsolo på toppane, overnatting i ishotell.

Og i Vang: Fersk brunost kokt i ein kafe 1200 meter over havet, med kyr som beitar –ikkje ved sidan av – men inne i kafeen. Det set bygdene på kartet i dag, men i morgon er det kanskje noko anna. Og kjenner eg Vangsgjeldingen rett så er det noko nytt på gang allereie.

Tett på det meste

Bygda er ein spanande plass der ein lever tett på naturen, tett på folk, tett på politikken, og tett på sosiale situasjonar, med både positivt og negativt forteikn. Bygda kan vere idyllisk, men og brutal: Personkarakteristikkar, meiningar, konfliktar og sarkasme får fort fotfeste i eit lite miljø. Å vere raske til å sette folk i bås kan vere spikaren i kista for ei bygd som opplever vekst.

Vi må alle ta ansvar for å ikkje bryte ned dei som tek plass og byr fram fjeset og meiningane sine. Særleg dei med dei aller særaste påfunna.

Flere saker fra Innlandet