Les også: Havarikommisjonen granskar helikopterstyrt
Under helikopterstyrten i Vågåvatnet søndag tok det 11 minutt frå ulykka vart varsla, til hjelpekorpset i Vågå fekk melding via AMK-sentralen, skriv avisa Fjuken.
Det meiner hjelpekorpset er alt for lenge.
- Kan spare tid
- Det fører til tidstap at AMK må gå via ein sentral Røde kors-vakt i fylket som i sin tur varslar det lokale hjelpekorpset, seier leiar i hjelpekorpset i Vågå, Hans Spakrud.
Han meiner at AMK-sentralen bør varsle det lokale hjelpekorpset i kritiske situasjonar, i staden for å gå via fylkeslaget.
(Foto: Fjuken / NRK)
Dersom varslinga hadde gått direkte til det lokale hjelpekorpset, ville verdifull tid vore spara.
Leiar i Oppland Røde Kors, Nils A. Rustad, avviser kritikken.
Augevitne varsla
Nokre få minutt kan bety liv og død for dei som treng hjelp.
Under helikopterulykka på Vågåvatnet tok det ifølgje lokalavisa Fjuken 11 minutt frå ulykka var varsla AMK til hjelpekorpset fekk meldinga.
Men fordi eit augevitne varsla dei direkte var dei da allereie i ferd med å redde dei 3 havarerte på helikopteret.