Svein Tore Samdal har sagt opp jobben som trenar for kvinnelandslaget i langrenn.
Det kan bety at Egil Kristiansen frå Ringebu blir ny sjef frå OL i Torino i 2006.
Kristiansen er i dag med i trenarteamet rundt dei norske langrennsjentene, men har førebels ikkje fått tilbod om jobben.
Bjørgen vil ha Kristiansen
Marit Bjørgen er blant

Marit Bjørgen ønskjer seg Kristiansen som ny trenar.(Foto:SCANPIX)
langrennsjentene som har sagt at ho heilt klart ønskjer den tidlegare langrennsløparen frå Gudbrandsdalen som trenar.
Egil Kristiansen stadfestar at han har hatt ambisjonar om å rykke oppover i systemet, og at han er viljug til å ta trenaransvar.
- Men det har enno ikkje vore noko problemstilling, og fram til 2006 held eg meg til den kontrakta eg har, seier Kristiansen.
Mange talent i Innlandet
Trass i ein travel kvardag i trenarteamet til landslagsjentene har Kristiansen har også fått følgd med på rekrutteringa innan langrennssporten i Innlandet.
Han meiner det er gode sjansar for å oppdage nye løparar som Marit Bjørgen og Hilde Gjermundshaug Pedersen i Hedmark og Oppland.
- Det er mange talent og absolutt eit potensial. Nedover i klassene er det veldig mange som går langrenn, så på sikt kan det koma gode løparar, seier han.