Hopp til innhold

Krevjande smøreforhold under Birken: – Eg var på gråten

Etter tre års ventetid gjekk Birkebeinerrennet som normalt. Jon Almaas var blant dei som gjekk på ein smøresmell.

jon Almås på Birken

TUNGT: Jon Almaas bomma på smørjinga og hadde både kladdar og is under skia over fjellet frå Rena til Lillehammer.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Programleiar, Jon Almaas er som regel på startstreken på Rena under Birken kvart år. Denne gongen med ambisjon om å slå sin eigen rekord og komme i mål innan tre timar og 20 minutt var gått.

Slik gjekk det ikkje for birkenveteranen.

Det har vore eit helvete, eg skal innrømme det. Det begynte særs dårleg. Eg hadde kladdar og ising under skia så eg var på gråten, seier han.

Løparane kom i mål i strålande sol etter 54 kilometer over fjellet frå Rena til Lillehammer. Men skismørjinga har vore ei utfordring i år for fleire.

Birken 2022

I MÅL: Rundt 6000 deltakarar stilte då Birken omsider kunne arrangere skirennet etter tre års pause.

Birken 2022

FELLESKI: Thea Jevnaker Aas gjekk rennet på felleski og slapp unna smøresmellen.

Birken 2022

RENN: Under rennet deltek folk i alle aldrar.

Birken 2022

SOLSKINN: Deltakarane kom i mål i strålande sol på Birkebeiner skistadion i Lillehammer.

Therese Johaug, og fleire andre i eliteklassen valde å stake med blanke ski. Almaas seier han gler seg til neste år, og då skal han trene seg opp til å gjere det same.

– Draumen om ny personleg rekord, den rauk. Det var for ambisiøst. Med føret som var med motvind og klabbar, då blir det ikkje personleg rekord, seier Almaas.

Han kom i mål med tida 3.43.28.

Les også Johaug tapte Birken-spurten – Øyre Slind mener debatten om nivået i langløp er død

Nakstad meldte seg på dagen før

Litt før klokka 16 kom Espen Rostrup Nakstad over målstreken. Han hadde i utgangspunktet ikkje planlagt og gå Birken i år.

Han var på plass for å følge Ungdomsbirken, men hadde nokre ski i bilen, så han meldte seg på kvelden før.

Espen Rostrup Nakstad på Birken 2022

PÅ TUR: Espen Rostrup Nakstad tok Birken i år som ein tur, og måtte stoppe for å ta jobbtelefonar undervegs i rennet.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Det var improvisert tur for meg. Eg gjekk og kosa meg i dag og prata med folk. Og så naut eg utsikta. Det er ikkje alltid ein får gjort, seier han.

Han stoppa nokre gonger undervegs for å gjere intervju og ta jobbtelefonar. Og seier også han sleit litt med smørjinga undervegs.

Eg har ski som ikkje er glida og preppa. Eg måtte stoppe og smørje eit par gonger, men eg trur kanskje felleski hadde vore minst like bra i dag for det var blautt over fjellet.

Tre år sidan sist

Det har vore store forventningar til Birken skifestival i år. På grunn av koronatiltak har dei to siste arrangementa blitt avlyst. Birkensjef, Eirik Torbjørnsen seier det er fantastisk å kunne opne for eit normalt arrangement igjen no.

Vi har vore tre år utan skirenn. Vi har hatt håp og fått nokon nedturar. Vi har møtt mange deltakarar no som seier dei har sakna oss fordi birken betyr mykje for dei for å halde treningsmotivasjonen oppe, seier han.

Eirik Torbjørnsen Birken 2022

FANTASTISK: Eirik Torbjørnsen, som er dagleg leiar i Birken seier det er fantastisk å kunne arrangere skirennet igjen.

Foto: Alexander Nordby / NRK

I strålande sol kunne Torbjørnsen ønske deltakarane velkommen tilbake. Han er stornøgd, sjølv om han også har fått meldingar om at nokon har slite med smørjinga.

Dette har vore strålande. Sola skin og det er 4–5000 deltakarar som fortel om ein fantastisk tur. Dette har vore ein fantastisk tilbakekomst for Birken, seier han.

Arrangøren har nokon smitteverntiltak, sjølv om samfunnet er gjenopna. Deltakarane vart oppmoda til å halde avstand, bruke handsprit og ikkje møte opp om dei var sjuke.

Gjekk for 48. gong

Mellom 4–5000 deltakarar stod på starten i det 82. Birkebeinerrennet som vart arrangert. Blant deltakarane var 84 år gamle Tor Finn Denstad frå Lillehammer. Han gjennomførte rennet for 48. gong.

– Målet er å få eit par til, så eg kjem i øvste divisjon, seier han.

Birken 2022

VETERAN: Tor Finn Denstad frå Lillehammer har gått nesten 50 gonger. Han seier også at forholda var utfordrande i år.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Han sleit også med smørjinga under rennet og stoppa fleire gonger for å smørje på nytt.

Eg sleit ein del med bakglatte ski. Så eg har aldri brukt så lang tid nokon gong som i dag. Slik sett var det ein nedtur, men fin tur likevel, seier Denstad.

Les også Gikk Birken på randoneeski- slo John Arne Riise med halvannen time

Øystein «Pølsa» Pettersen gikk birken på randonee. Kompisene Hans Olav Inghol og John Arne Riise kom over en time senere.

Flagging for Ukraina

Russarar og kviterussarar er utestengt frå Birken, som ein del av den generelle idrettsboikotten.

– Vi har hatt ein god dialog med dei ca. 40 russiske og hviterussiske deltakarane som i utgangspunktet var påmeldt. Dei hadde stor forståing for at vi måtte kansellere deira påmeldingar, seier Torbjørnsen.

Han seier at det vart flagga for Ukraina på arenaområdet.

Sjølv om deltakarane frå Russland og Kviterussland ikkje fekk delta, var det likevel nesten 20 prosent utanlandske deltakarar på hovudrennet.

Eirik Torbjørnsen, seier at dei var spente på utanlandsandelen.

– For utlendingar må jo Birken-deltaking planleggast i god tid. Difor er vi veldig nøgde med at det er over 1000 som skal gå frå Rena til Lillehammer, sa han før opninga.

Les også Innfører totalforbud mot fluor i Birken

Birkebeinerrennet - serienivå NRK TV

Flere saker fra Innlandet