- I andre Mosebok kap. 20, 26. vers står det "du skal ikke gå opp til mitt alter på trapper." Det sitatet har vi litt spøkefullt lagt til grunn i vårt arbeid, seier kontorleiar Bjug Ringstad i Handicapforbundet i Innlandet.
Det er om lag 290 kyrkjer i Hedmark og Oppland, og det er vanskeleg å koma til for rullestolbrukarar i mange av dei.
Verneinteresser og Handicapforbundet har ofte stått på kvar si side når det gjeld tilrettelegging for funksjonshemma.
Rullestolbrukarar vil ha betre inngangsparti til kyrkjene. (Ill.foto.)
- Inngangar må endrast permanent
På årsmøtet i helga uttalte Handicapforbundet i Innlandet at hovudinngangane til kyrkjene må endrast permanent slik at funksjonshemma kan bruke dei, og at benkeradene er slik at alle kan sitja der.
Kyrkjerommet bør også vera slik at alle kan delta i dei kyrkjelege handlingane.
Og trass i at Riksantikvaren og Handicapforbundet er uenige om korleis tilrettelegginga skal foregå, kom partane nærare kvarandre på årsmøtet til Handicapforbundet i Innlandet i helga.
Samarbeid med bispekontoret
- Vi oppfatta at dei to representantane som møtte frå Riksantikvaren var løysingsorientert. Men i ein del samanhengar hadde vi ønskt at dei kunne imøtekoma oss noko meir, seier Ringstad.
Nå skal Riksantikvaren og Handicapforbundet samarbeide med bispekontoret i Hamar. Det vil foregå slik at bispekontoret blir eit knutepunkt når kyrkjer skal omarbeidast.
- Da skal vi kunne vera med i ein gjensidig prosess, både frå kyrkja si side, Riksantikvaren og vi frå Handicapforbundet, fortel Bjug Ringstad.