Hopp til innhold

Krev å få utlevert katolsk overgrepsarkiv

Organisasjonen Rettferd for taperne krev at den katolske kyrkja sitt arkiv over overgrepsoffer blir utlevert.

Ola Ødegaard

Ola Ødegaard fryktar at mange kan vere utsett for overgrep innanfor norske kyrkjesamfunn.

Foto: Stein Schinstad / NRK

I dag fortalte VG at den katolske kyrkja i Noreg har eit hemmeleg arkiv der overgrep gjort av kyrkjetilsette blir halde skjult.

Nå krev generalsekretær Ola Ødegaard i stiftinga Rettferd for taperne at arkivet blir utlevert.

Vil representere ofra

Ødegaard seier at hans organisasjon har lang erfaring i behandling av seksuelle overgrep og derfor kan hjelpe til i eventuelle erstatningssaker.

– Vi meiner at vi kan representere ofra i desse sakene. Vi kan ta kontakt med ofra og eventuelt hjelpe dei med søknader om erstatning. Dei kan kreve erstatning både frå staten og kyrkjeorganisasjonane.

– Ikkje overraskande

Ødegaard avviser at det er populistisk av organisasjonen å engasjere seg i denne saka.

– Vi meiner tvert imot at vi har god fagleg tyngde til å gå inn i desse sakene. Når den katolske kyrkja vil hemmeleghalde det heile og dysse det ned, så må nokon ta initiativet til å få tak i arkivet.

- Er du overraska over at det har skjedd overgrep i den katolske kyrkja?

– Nei, eg er ikkje overraska, og dette har også skjedd i den norske kyrkja og i misjonsorganisasjonar. Vi fryktar at dette kan gjelde ganske mange personar. Det går langt attende i tid og dei som har gjort dette kan stå bak ganske mange tilfelle.

Flere saker fra Innlandet