Hopp til innhold

Lagar «demensskule» for å takle eldrebølga

Talet på eldre med demens vil auke dramatisk i framtida. Samtidig blir det færre til å ta vare på dei.

Marita Åboen Vole går på "demens-skolen" i Nord-Gudbrandsdal.

PÅ DEMENSSKOLE: Helsefagarbeidarar i Nord-Gudbrandsdal tar vidareutdanning for å ruste seg til demensbølga som kjem, ei av dei er Marita Åboen Vole.

Foto: Even Lusæter / NRK

I Skjåk kommune kan dei rekne med at meir enn 5 prosent av befolkninga har demens i 2040, og i 2050, meir enn 6 prosent. Sjansen for å få ein demenssjukdom aukar med alderen.

Dei fleste andre kommunane i Nord-Gudbrandsdal og Nord-Østerdal har same tendensen. I Skjåk og nabokommunane blir ein stadig større del av befolkninga over 70 år. Born og unge blir i mindretal.

Difor har regionrådet i Nord-Gudbrandsdal starta eit vidareutdanningstilbod innan demens og alderspsykiatri. Nå går 13 elevar på den desentraliserte utdanninga. Fleire av elevane er frå Skjåk.

På skulebenken

Ein dag i veka møtast elevane på demensskulen i Vågå. Opplegget og undervisninga står Fagskolen på Gjøvik for. Det er eit toåring heimestudium, tilpassa kvardagen til mange elevane, som har både jobb og familie.

– Det er godt å få påfyll og det gjer godt å strekke seg, seier Marita Åboen Vole frå Skjåk. Ho greip sjansen til å ta vidareutdanning, når tilbodet kom nært der ho bur. Alternativet var å pendle nærare 30 mil til Gjøvik.

Fagforbundet, som organiserer helsefagarbeidarane, synest tilbodet i Nord-Gudbrandsdal er heilt etter boka.

Yrkesseksjonsleiar for Helse og Sosial, Iren Mari Luther, seier dette er framtidsretta og viktig.

  • Kartet under viser andelen innbuarar med demenssjukdom i Innlandet i 2040 i prosent. Snittet for landet kjem til å vere 3,3 prosent:

Tala er henta frå demenskartet til Nasjonalt Senter for Aldring og helse.

Eit krafttak

På sjukeheimen i Skjåk serverer Turid Eiesar og Marita Åboen Vole vassgraut til lunsj. Den tradisjonsrike kosten vekker minner og får opp matlysta blant bebuarane.

– Slik åt vi mykje av under krigen, seier Gunnar Partapouli.

Turid Eiesar serverer graut til Gunnar Partapouli

GOD MAT: Gunnar Partapouli gler seg over å få servert mat som minner han om barndommen av Turid Eiesar på sjukeheimen i Skjåk.

Foto: Even Lusæter / NRK


Dei to helsefagarbeidarane er naboar, like gamle og har jobba saman på Skjåkheimen sidan dei var ferdige med fagbrevet etter vidaregåande. Nå har begge to tatt imot tilbodet om å ta vidareutdanning innan demens og alder-psykiatri.

Det same har kollega Ingrid Janne Sveen. Dei tre blir ein enda viktigare ressurs for kommunen i åra som kjem,

Ingrid Janne Sveen er helsefagarbeidar på Skjåkheime

BU I BYGDA: For Ingrid Janne Sveen er det utenkjeleg å flytte frå Skjåk. Å få vidareutdanning og samtidig bu heime er den beste løysinga ho kan tenkte seg

Foto: Even Lusæter / NRK

Kommunane rustar seg nå som best dei kan for å møte eldrebølga og dei mange som kjem til å få demens. Ei utfordring er å få nok folk til å pleie alle dei eldre.

Satsar på kompetanse

Landet over er det varsla om stor sjukepleiarmangel. Men det trengst også andre yrkesgrupper.

Helsefagarbeidarane er avgjerande for at kommunane skal greie pleie- og omsorgsoppgåvene sine. Dei har vidaregåande og fagbrev i pleie og omsorg. Som oftast unge kvinner, dei som tradisjonelt flytter først frå bygda.

– Vi må gjere ein skikkeleg innsats for å behalde dei. Og det viser seg at tilbod om utdanning her dei bur, er viktig, seier Kommunalsjef for helse og omsorg i Skjåk, Inger Helene Brandsar.

Inger Helene Brandsar er Kommunalsjef for helse og omsorg i Skjåk kommune.

PLANLEGG FOR FRAMTIDA: Kommunalsjef for pleie og omsorg i Skjåk kommune, Inger Helene Brandsar meiner auka kompetanse er alle viktigast for å møte eldrebølga.

Foto: Even Lusæther / NRK

Individuell omsorg

Målet i eldreomsorga i Noreg er at folk skal få bu heime så lenge som mogleg. Også dei med demenssjukdom.

Kvar person skal få akkurat den pleia og den omsorga som passar for seg, tilpassa det livet dei ønskjer å leve. Dette er også eit politisk mål som det er semje om.

Individuell tilpassa omsorg er eit viktig tema på demensskulen i Nord-Gudbrandsdal.

Marita Aaboen Vole synest det beste med vidareutdanninga er å lære meir om det. Og ho synest jobben er meir interessant når ho kan meir.

– Vi må bli flinkare til å sjå heile mennesket og å gje kvar enkelt den hjelp, pleie og omsorg dei treng.

  • Ifølge SSB må det fleire til for å møte behovet i framtida:

Eldre må hjelpe eldre

Professor i geriatri, Geir Selbæk har vore med og utvikla demenskartet for Senter for aldring og helse. Kartet er tenkt som eit verktøy for dei som skal planlegge for framtida.

Geir Selbæk, forskningssjef og professor ved Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse.

OPTIMISTISKE TAL: Professor Geir Selbæk roser kommunane i Nord-Gudbrandsdal for initiativet. Han meiner tala i demenskartet faktisk er eit optimistisk anslag og at kommunane får store utfordringar framover

Foto: Martin Lundsvoll

Selbæk seier at anslaget for utviklinga er optimistisk og at kommunane har store utfordringar framover for å greie å løyse oppgåvene. Han roser demens-skulen i Nord-Gudbrandsdal.

– Vidareutdanning er ein del av løysinga. Men berre ein del av han, seier Selbæk.

Han ivrar for at eldre skal hjelper eldre.

– Friske, ungdommelege eldre kan hjelpe dei som er sjukare. Utan det greier ikkje kommunen oppgåvene sine.

Flere saker fra Innlandet