– Det er trist, seier svaksynte Sven Terje Garmo.
Dagleg oppdagar han nettsider som ikkje er lagt til rette for han og andre med nedsett funksjonsevne.
Som svaksynt må han forstørre skrifta på dataskjermen. I tillegg bruker han eit program som les opp nettsida med lyd.
Men han møter ofte problem.
Manglar gode skildringar
Nettsidene kan ha dårleg kontrast mellom tekst og bakgrunn. Eller manglar gode skildringar av lenker, bilete og illustrasjonar.
Som til dømes at ein knapp med påskrifta «for tilsette» blir lest opp som berre «knapp» eller «menypunkt». Eller at illustrasjonar som flaumkart manglar skildring.
Dette er dei største og mest alvorlege feila, ifølge Garmo.
– Skal du bruke berre høyrsel for å finne fram, så er det viktig kva som står der, seier han.
Problem for svaksynte og blinde
Ifølge Blindeforbundet levde meir enn 320.000 personar med synshemming i Noreg i 2018.
No har forskarar ved NTNU i Gjøvik funne ut at ingen av kommunane oppfyller kravet til tilgjengelegheit for IKT, særleg for folk som er blinde eller svaksynte. Alle kommunane har brote lova på ulike vis.
Til dømes er ein ikkje garantert å få informasjon kvar stemmelokala er den 11. september. Eller å kunne sende inn søknad om å sette opp eit tilbygg på huset sitt.
– Dei får ikkje med seg informasjonen, heilt enkelt, seier førsteamanuensis Anne Britt Torkildsby.
FORSKARAR: Yavuz Inal og Anne Britt Torkildsby er begge førsteamanuensar ved Institutt for design, NTNU på Gjøvik. Dei har undersøkt kommunane sine nettsider og funne at alle kommunar bryt lovverket for IKT-tilgjengelegheit.
Foto: Alexander Nordby / NRK– Må auke medvitet
Men det er mogleg å gjere noko med dette.
Nemleg å auke medvitet slik at dei som jobbar med websida følger regelverket.
Regelverket, som kom for ti år sidan, krev at alle nettsider skal vere universelt forma ut.
– Tilsynet for universell utforming av IKT kan sjekke at alt er følgd, og gi dagbøter, seier Torkildsby.
Ho fortel også at forskarane skal sjekke kommunanes nettsider til neste år, for å sjå om det har kome nokre forbetringar.
Strengare regelverk
Etter at funna til forskarane ved NTNU i Gjøvik vart henta inn, har regelverket blitt skjerpa.
Asbjørn Finstad i kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) seier han ikkje kan svare for alle kommunane og fylkeskommunane når det gjeld lovbrota.
Men i dag må alle verksemder i offentleg sektor ha på plass ei erklæring om tilgjengelegheit på sine nettstader.
– Da kan kommunane lettare sjå kva for manglar nettsidene har, og starte på jobben med å korrigere svakheitene, meiner Finstad.






– Bruk oss!
Svaksynte Sven Terje Garmo meiner det er trist at me ikkje har kome lenger i arbeidet med tilgjengelegheit.
TRENGER HJELP FOR Å LESE: Garmo ser ingenting på høgre auge og har 20 prosent syn på venstre auge. Det ein med vanleg syn ser på 30 meters avstand ser han på ein meters avstand.
Foto: Alexander Nordby / NRKHan meiner det er kritikkverdig at ei så stor gruppe blir utelatne frå offentleg informasjon.
Garmo ber kommunane bruke svaksynte som ein ressurs i arbeidet som står att. Det skal ikkje meir til enn at ein kommune inviterer inn ein synshemma, seier han.
– Slik kan dei som lagar nettsidene sjå korleis det fungerer. Det er ikkje så komplisert, og det er gratis å bruke oss.