Hopp til innhold

Reiste frå Stillehavet for å kjøpe båt

To brør frå ei lita øy i Stillehavet reiste til Lillehammer for å kjøpe seg skip.

Brørne frå Cook Island

Desse to karane reiste heilt frå Stillehavsøya Raratonga for å kjøpe seg lasteskip.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Over 270 personar stilte på Forsvaret sin auksjon på Lillehammer i dag. Mest oppsikt vekte to brødre som har kome heilt frå stillehavsøya Raratonga.

- Vi har kome for å sjå på eit lasteskip, og det er einaste grunnen til at vi har kome hit. Vi såg på skipet i går og reiser attende med det i morgon, seier Tapi Taio frå Cook Islands Investment.

Video nsps_upload_2008_11_26_17_54_38_1996.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Men så var det det med å frakte skipet da. Dei to karane ser ikkje særleg myrkt på det, dei har nemleg tenkt å køyre det 20 meter lange skipet ned til øya i Stillehavet. Det er ein tur som tek 55 døgn.

Selde for fire millionar kroner

Forsvaret sjølve var særs godt nøgd med auksjonen i dag. Dei fekk inn i alt fire millionar, og skipssalet til Raratonga stod aleine for to av desse millionane.

- Det er mykje som har vorte lagt ned i Forsvaret dei siste åra, og det materialet må seljast. Så dette er ein ypperleg måte å gjere det på, seier auksjonsleiar Odd-Arne Melsæter.