Medan talet på turistar har gått ned på Besseggen, har nabofjellet på andre sida av Gjende i Jotunheimen berre auka. Det uroar nasjonalparkforvaltaren.
– Det er omsynet til fuglelivet som gjer at vi ikkje vil ha så mange turistar her på våren og forsommaren, seier nasjonalparkforvaltar Kari Sveen.
REDD FOR FUGLELIVET: Nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen Kari Sveen (t.v.), her saman med kollega Eldrid Nedrelo.
Foto: privatDen instagramvenlege fjellturen vart raskt populær både blant turistar og reiselivsbedrifter, og talet på besøkande har nesten dobla seg på fem år.
– Eg er redd hekkelokaliteten for kongeørn nå er tapt på Knutshø, seier Sveen.
Sommaren 2016 viste ferdselsteljaren på Knutshø 6500 besøkande. I fjor var det 11400 passeringar. Knutshø er ein av få fjellturar som auka i popularitet i koronaåret.
Turistar eller kongeørn
Yosra Zouhar er masterstudent ved NMBU og prøvar å finne ut om turistane er viljuge til å vike plassen for ørna om dei blir bedne om det.
– Dei fleste svarar at dei ville valt ei anna rute dersom dei hadde fått informasjon om at dei trugar hekkeplassen til kongeørna, seier Zouhar.
UNDERSØKER: Annankvar dag i sesongen står Yosra Zouhar ved foten av Knutshø og spør turistane kva som må til for at dei skal velja ein annan fjelltur.
Foto: privatMen Yosra legg til at det kan vera stor skilnad på kva ein turist svarar på ei spørjeundersøking, og kva han eller ho gjer i praksis.
Informasjon kan også ha uheldige konsekvensar, seier nasjonalparkforvaltar Kari Sveen.
– Ved å avsløre hekkelokaliteten til kongeørn på nett og informasjonstavler, kan ein trekke til seg personar som gjer meir skade enn talet på turistar, seier Sveen.
Ho meiner det blir interessant å sjå kva turistane har svara, men har lita tru på at dei let seg styre.
– Vi har ikkje heimel til å nekte dei, og eg trur ikkje folk let seg stoppe om vi oppmodar dei på ein positiv måte.
Trafikkaos
Med opp mot fire hundre turistar på ein dag og parkeringsplass til eit 20-tals bilar, har dette også ført til store trafikale problem.



TRAFIKKFARLEG: Parkerte bilar langs vegen kan i verste fall føre til ulykker, frykter Vågå-ordføraren.
Video: Stein HolenBåde turistvertar i området og kommunen seier dei fryktar det vil skje ei ulykke på den svært trafikkerte fylkesvegen.
– Dette er noko vi er svært uroa for, seier vågåordførar Harald Sve Bjørndal.
Kommunen har dokumentert problemet over for Innlandet fylkeskommune. Dei er vegeigar og Sve Bjørndal seier at om ikkje dei vil gjera noko med situasjonen, må kommunen sjølve ta grep.
MÅ TA GREP: Vågåordførar Harald Sve Bjørndal meiner kommunen sjølve må ta grep om ikkje noko snart blir gjort med parkeringsutfordringane ved foten til Knutshø. Kommunen vurderer å legge til rette for større parkering.
Foto: Even Lusæter / NRK– Noko må skje. Det er fullt med bilar på vegskuldra, og folk midt i vegen, medan trafikken dundrar forbi, seier Sve Bjørndal.
- Les også: For nokon blir fjellturen eit mareritt.
Utvalt turistveg
Fylkesveg 51 over Valdresflye er ein av dei atten utvalde turistvegane til Statens vegvesen. I 2005 vart det laga ein arkitektteikna parkeringsplass, men sidan den gongen har turisttrykket til Knutshø eksplodert.
Silje Myhre Amundsen i Nasjonale turistveger seier at det per dags dato ikkje er konkrete planar for å bygge ut parkeringsplassen.
– Vi er godt kjent med utfordringane som oppstår i sommarmånadene. Og vi har vore i dialog med Innlandet fylkeskommune om situasjonen her, seier Myhre Amundsen.
Både større parkering og skyttelbuss er vurdert, og Nasjonale turistveger seier dei vil vurdere alle dei ulike alternativa for å finne beste løysinga for alle partar.