Politiet ser ein samanheng mellom milliontjuveriet i Lillehammer og eit innbrot i Gjøvik for to veker sidan der det vart stole klokker for 100.000 kroner.
Dei trur ein organisert klokkebande kan ha vore på ferde fleire stadar i Norge.
Har opptak
Natt til onsdag tok to umaskerte menn seg inn i urmakarforretninga A.J. Mohn i Lillehammer med slegge.
Dei tok med seg 330 klokker. Det heile vart filma av fleire videokamera i butikken.
Dessutan presterte innbrotstjuvane å gløyme att slegga dei braut seg inn med, så den er nå sendt til Kripos for nærare undersøkjingar.
Nabo såg tjuvane
Politet trur at det store klokketjuveriet i Lillehammer har samanheng med eit tilsvarande tjuveri i Gjøvik to veker tidlegare.
Politiet har i dag avhøyrt ein nabo i Lillehammer som høyrde bråk, og som såg tjuvane da dei kjørte frå staden i ein sølvgrå Audi.
Denne bilen vart truleg brukt ved innbrota både på Lillehammer og Gjøvik.
Butikkeigar Arnt Thommassen reknar alle dei 330 stolne klokkene som tapt.