Dagleg leiar i fotballkretsen, Rolf Svesengen, seier stadig fleire klagar og protestar kjem frå besteforeldre, foreldre og andre som har familie eller vener ute på bana.
- Mange klagar
- Tidlegare fekk eg rapportar som var underteikna av klubbleiarar, lagleiarar eller trenarar. Men no får eg stadig fleire brev frå foreldre, besteforeldre og andre tilskodarar, skriv Svesengen i internavisa til Indre Østland Fotballkrets.
Han får med andre ord brev frå folk som ikkje har nokon tilknytning til laget, anna enn at dei kjenner nokon som spelar fotball.
- Klubbane må ta opp dette, som spesielt gjeld barnefotballen. Dessutan må klubbane ta opp dette med sine lagleiarar og trenarar, seier Svesengen.
Møter leiarane
Dei mange protestane vil bli tema på leiarmøtene som kretsen skal ha i høst med klubbleiarane.
- Vi må sjå på praksisen vår. Ynskjer dei at andre skal skrive protestar, utanom dei som faktisk har noko med laget å gjere, spør Svesengen i brevet.