– Ein god del av dei areala som ein brukar til råvarer i husdyrproduksjonen, kan komme til å gå ut av drift, brakkleggast, og gradvis gro att og bli til skog, seier seniorforskar Anne Kjersti Bakken i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
NIBIO og Menon Economics har skrive tre ulike rapportar på oppdrag frå Animalia og MatPrat. I desse er det sett på kva konsekvensar eit redusert kjøttforbruk i Noreg vil ha for bønder og kjøttbransjen.
Animalia er eigd av Nortura samt Kjøtt- og Fjørfebransjens landsforbund (KLF), og det er Opplysningskontoret for egg og kjøtt som står bak MatPrat.
NIBIO har kome fram til at dersom kjøttforbruket blir redusert med 45 prosent i 2027 samanlikna med 2017, så vil det kunne gjere at mellom 20 og 30 prosent av arealet som i dag blir brukt til jordbruk, går heilt ut av matproduksjon.
Sannsynlegvis vil fem prosent av arealet som i dag brukast til grasproduksjon bli omdisponert til dyrking av planter direkte til mat for menneske.
– Ein del av det vil kunne leggast om til produksjon av potet, grønsaker, frukt, bær, matkorn, og proteinvekstar. Men størstedelen me antar går ut av bruk egnar seg ikkje til matvekstproduksjon, seier Bakken.
Her kan du lese dei tre rapportane:
– Må produsere mjølk og kjøtt
Ifølge rapportane jobbar 74 prosent av alle i jordbruket med kjøtt- og mjølkeproduksjon i dag. Dersom kjøttforbruket reduserast med 45 prosent i 2027 samanlikna med i 2017, vil det gi ein nedgang på 16 000 årsverk i landbruket.
– FN seier me treng meir mat. I 2050 må me auke matproduksjonen med 50 prosent, minst, og då har me ikkje råd til å slutte å bruke den jorda som det blir produsert mat på i Noreg, seier Kristina Hegge.
MÅ PRODUSERE: Kristina Hegge meiner ein må produsere kjøtt i Noreg for å kunne nytte arealet ein har.
Foto: Arne Sørenes / NRKHo er kjøttprodusent og bondelagsleiar i Oppland, og meiner ein som kjøttprodusent blir sett på som klimasyndar. Det meiner ho er ufortent. Ho meiner kjøttproduksjon heller er ein del av løysinga på klimaproblemet.
– Me må produsere det som har best vekstvilkår der det er best vilkår. Då må dalbygdene og fjellbygdene framleis kunne produsere mjølk og kjøtt, seier Hegge.
Usikre vurderingar
Anja Bakken Riise er leiar for Framtiden i våre hender. Ho meiner at arealvurderinga til NIBIO er svært usikker og byggjer på feil føresetnader.
– Om ein hadde lagt andre premissar til grunn så kunne ein komme fram til heilt andre tal.
Bakken Riise seier det er uheldig at det blir skapt eit inntrykk av at norsk landbruk tar skade dersom kjøttproduksjonen blir redusert, og viser til at kjøtproduksjonen i Noreg nesten er dobla mellom 1990 og 2019.
– Likevel gror landet igjen i rekordfart, vi har færre bønder enn nokosinne i moderne historie, og sjølvforsyninga går nedover. Det viser at det ikkje er nivået på kjøtproduksjonen som avgjer skjebnen til norsk landbruk, men politikarane og korleis dei faktisk styrer landbrukspolitikken.
MEIR GRØNSAKER: Anja Bakken Riise meiner at bøndene i Noreg bør dyrke meir frukt og grønt, og i større grad basere kjøtproduksjonen på gras- og fôrproduksjon framfor importert kraftfor laga av soya frå Brasil.
Foto: Selma Joner / NRKHo meiner at dagens landbrukspolitikk i for stor grad handlar om stort volum i kjøtproduksjonen.
– Vi har i mange år hatt stor overproduksjon av kjøt i Noreg. Det øydelegg inntektsgrunnlaget til bøndene, og har skapt store prisfall. Det er derfor viktig å kutte i kjøtproduksjonen for å unngå matsvinn og auke produsentprisane på kjøt.
Ser moglegheiter
Harald Moskvil, som er landbrukspolitisk talsperson i Miljøpartiet de grøne, var til stades då forskingsrapportane vart lagt fram. Han ser moglegheiter i ei blanding av produksjonar.
– Me må blande produksjonen av både kjøtt, mjølk og grønsaker, poteter og gulrøter i mykje større grad enn det me gjer i dag.
POSITIV: Harald Moskvil som er landbrukspolitisk talsperson i MDG meiner forskarane svartmålar situasjonen med sine rapportar. Han ser moglegheiter i staden for truslar.
Foto: MDGHan synest forskarane svartmålar situasjonen, og meiner ein heller burde sjå på korleis ein produserer kjøtt. Han meiner at ved å kutte areal som blir brukt i utlandet, så treng ein ikkje kutte areal i Noreg.
– Det må me gjere med å redusere soyaimporten betydeleg, og redusere raps- og kornimporten til kraftfor. Me må flytte produksjonen over på grasbasert i staden for kraftbasert. Då kan me bruke areal i Noreg, og slutte å bruke areal i Brasil.
30.01.2020: Denne artikkelen er oppdatert med kommentar frå Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.