Hopp til innhold

Korleis du brukar SoMe kan påverke den psykiske helsa di

– Eg har sletta veldig, veldig mange bilete av meg sjølv på Instagram, seier Marie Lundgaard.

Jenter blir mer negativt påvirket av sosiale medier enn det gutter blir.

SJØLVPRESENTASJON OG SAMANLIKNING: I 2020 kartla Medietilsynet at nesten 100 prosent av norske 16-18-åringar er på sosiale medium. Ein ny studie viser mellom anna at det å søkje tilbakemeldingar, presentere seg sjølv strategisk og å samanlikne seg med andre, varierer veldig frå individ til individ.

Foto: Mette Vollan / NRK

18 år gamle Marie Lundgaard sit saman med to venninner i ein sofakrok på den vidaregåande skulen i Gausdal.

Dei sveipar på Instagram og diskuterer korleis sosiale medium påverkar dei.

Ein ny studie frå Folkehelseinstituttet visar at jenter er langt meir opptekne av korleis dei presenterer seg sjølv på SoMe, eller sosiale medium, enn det gutar er.

Venninnegjengen kjenner seg treft av funna.

– Eg har jo vore kjempeusikker på ting eg legg ut. Og kor mykje skal ein leggje ut på Instagram, og kva er verd å leggje ut?, seier Lundgaard.

Skrur av moglegheita for «likes»

Tidligere forsking viser ein samanheng mellom det å vere svært oppteke av korleis ein står fram på sosiale medium og det å oppleve fleire psykiske plager.

Nyleg deltok 2000 elevar i vidaregåande skule i Bergen i studien «LifeOnSoMe».

Studien viser at kjønn og personlege eigenskapar kan ha noko å seie for kor opptatt ein er av korleis ein står fram på sosiale medium.

Er det viktig for deg å få mange likerklikk og/eller kommentarar på det du legg ut på sosiale medium?

18-åringane Marie Lundgaard, Ymjør Aamot og Ida Brattås forklarer at det er mange jenter som skrur av moglegheita for å få «likes» eller kommentarar på Instagram.

Då slepp ein å vere flau over at ein får lite «likes», og ein kan verne seg sjølv.

Marie trur det kjem an på kva sjølvtillit ein har.

– Eg kan også oppleve å leggje ut eit bilete, så er eg veldig nervøs for kven som liker det. Kor mange «likes» får eg? Får eg fleire «likes» på dette biletet? Får eg færre «likes» på dette biletet enn eit bilete eg la ut for eit år sidan?

Ny forskning, sosiale medier.

FØRSTEINNTRYKK: Venninnene trur det har noko å seie kvar du kjem frå. Marie kjem frå Lillehammer som har eit større ungdomsmiljø enn Gausdal. – Når ein kanskje hadde mange kjenningar som berre følgjer kvarandre på Instagram, så er jo det du viser fram av deg sjølv, det inntrykket dei får. Og ein vil jo alltid gi eit godt inntrykk, seier ho.

Foto: Mette Vollan / NRK

Marie trur det er vanskeleg for unge jenter å tenkje at andre ikkje dømmer.

– Ofte kan eg vere redd for kven som kommenterer og ikkje, fordi eg trur det er veldig mange som tenkjer at det seier noko om kven som er god venn med folk.

Les også: Småprat er kanskje viktigare enn du trur

Small talk.
Small talk.

Fokus på kva andre oppfattar

Gunnhild Johnsen Hjetland er forskar ved Folkehelseinstituttet og ein av dei som står bak studien. Ho forklarer at deltakarane kunne delast inn i tre grupper som hadde liknande svarmønster.

Gruppene hadde lågt, middels eller høgt fokus på sjølvpresentasjon. Det handlar om korleis vi prøver å styre korleis andre oppfattar oss.

– Vi såg at jenter har større risiko for å vere i den gruppa som har høgt fokus på sjølvpresentasjon, når vi samanliknar med gutar, fortel Hjetland.

Forskarane fann at måten ein nyttar sosiale medium på også kan henge saman med personlegdommen.

Dei fann at dei som skårar veldig høgt på å vere utadvendt og ha låg emosjonell stabilitet hadde større sjanse for å vere i den gruppa som hadde høgt fokus på sjølvpresentasjon.

Ungdom med låg emosjonell stabilitet har generelt ein tendens å reagere sterkare og kjenne på negative kjensler.

– Det er mogeleg at dei med høgt fokus på sjølvpresentasjon har større risiko for negative følger av sin bruk av sosial medium, forklarer forskaren.

Kunnskapen frå studien skal nyttast for å utvikle eit helsefremmande tiltak for ungdom. Les meir om forskningsfunna her.

Gunnhild Johnsen Hjetland

VIKTIG SOSIAL ARENA: Gunnhild Johnsen Hjetland (FHI) minner om at for mange ungdommar er sosiale medium ein viktig sosial arena. Samstundes fortel ho at tidlegare studiar har vist at det kan vere uheldig for trivsel og psykisk helse om ein er veldig oppteken av «likes» og kommentarar, og samanliknar seg mykje med det ein ser på sosiale medium. – Det vil vi undersøke nærmare, seier Hjetland.

Foto: Eivind Senneset / Universitetet i Bergen

Samanliknar seg med andre

Marie, Ymjør og Ida meiner det er riktig at jenter søkjer meir tilbakemeldingar og samanliknar seg meir enn det gutane gjer.

– Det er ikkje så mange gutar eg har kjennskap til som legg ut bilete av seg sjølv, seier Ida.

Ny forskning, sosiale medier.

«FOMO»: – Det eg syntest er verst er at folk legg ut bilete dersom dei har vore ein stad. «Oi, kvifor kunne ikkje eg vore med på det her?» Det er det eg føler at går meir inn på meg, reflekterer Ida.

Foto: Mette Vollan / NRK

18-åringane trur det handlar både om interesse og at jenter opplever meir press i samfunnet på å sjå bra ut.

Sjølv om dei kan bli inspirerte av «influensarar», trur dei at samanlikning med jamaldra i same situasjon er meir vanleg.

– Berre korleis profilen din ser ut, seier jo noko om deg sjølv; kor mange følgjarar du har, korleis bilete du har, kva du har i «bioen». Det er sånne ting ein legg merke til først, seier Marie.

Les også: Marte (23) meiner fleire unge bør prøve «quiet quitting»

– Ein kjem til å angre viss ein lèt alle «må-ting» gå utover det ein eigentleg ønsker og vil, meiner Marte Enberg Dahl.
– Ein kjem til å angre viss ein lèt alle «må-ting» gå utover det ein eigentleg ønsker og vil, meiner Marte Enberg Dahl.

Ikkje overraska

Hanne Sæterbø Syversen er helserådgivar ved Gausdal vidaregåande skule. Ho er ikkje overraska over funna i studien.

For mange kan det ha mykje å seie å få stadfesting. Det er veldig individuelt, andre kan kjenne meir på at dei kanskje kan vere litt meir seg sjølv når dei ikkje har det fysiske møtet.

Helsesykepleier.

Ho påpeikar at for dei fleste ungdommane er sosiale medium ein positiv sosial arena

Helserådgivaren seier at ungdom som er veldig kritiske til seg sjølv, og som søkjer stadfesting og tilbakemelding, ofte har behov for å styrkje sjølvbiletet generelt.

Les også: Lykkejaget gjorde at Ingeborg (23) ville kaste mobilen

Ingeborg Walther
Ingeborg Walther

Det har blitt betre med tida

Jentene meiner bruken av sosiale medium har endra seg berre sidan dei gjekk på ungdomsskulen.

Til dømes var det meir stygge og nedbrytande kommentarar før.

Marie synest det er betre nå som det er fleire appar å velje mellom. Då treng ein ikkje vere like aktiv på alle.

Og så er det godt å bli eldre og tryggare i seg sjølv.

– Det er liksom berre å få seg over den der vesle kneika, der du faktisk skjønner at det er ingen som analyserer dei bileta like mykje som du sjølv, at det er ingen som bryr seg like mykje som du gjer, forklarer Marie.

Sosiale medier, ny forskning.

BLIR ENKLARE MED ALDEREN: – Viss eg samanliknar meg sjølv no og for fire år sidan, så hadde eg vore veldig mykje meir redd for kva eg skulle leggje ut for fire år sidan enn eg er no, seier Marie.

Foto: Mette Vollan / NRK

Hei!

Takk for at du har lest saken!

Hvis du har tilbakemeldinger eller innspill til dette temaet, er du velkommen til å skrive til meg.

Jeg tar også gjerne imot tips til andre ting jeg bør se på!