Hopp til innhold

Kjell Arne måtte levere inn lappen: – Det er vanskeleg psykisk

VANG (NRK): 80-åringen synest det er vondt å måtte be om hjelp og skyss. Det er eit tabu som vi må snakke meir om, seier fleire.

Kjell Arne Hagerup

VANSKELEG: Hagerup har ei «madame». Ho køyrer ikkje noko særleg lenger, og dei to går til matbutikken. Andre ærend blir vanskelegare.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

For mange eldre er det utruleg sårt å ikkje få køyre bil lenger. Det fortel lege, Marit Tuv i Valdres, som har teke den praten med fleire.

– Det er noko av det vanskelegaste vi gjer. For mange er det knytt identitet til det å ha førarkort. Det handlar om å vere eit sjølvstendig og uavhengig menneske, seier ho.

Det er ofte legen som vurderer om du må slutte å køyre bil. Er dei usikre kan dei anbefale at du tar ein køyretest hos Vegvesenet. I fjor var det meir enn 600 over 70 som mista lappen etter ein slik køyretest.

I tillegg er det fleire som ikkje tar denne testen, som mistar lappen på grunn av helsa.

Vanskeleg psykisk

Kjell Arne Hagerup (80) fekk slag for nokre år sidan og det gav han køyreforbod i ei periode. Men så kom han seg og hadde eit håp om å kunne sete seg bak rattet igjen.

Heilt til han vakna ein dag og var blind på det eine auget.

– Då berre reiste eg og leverte førarkortet. Det var ingen sjanse, seier 80-åringen.

Hagerup bur på bygda i Vang i Valdres, men har heldigvis gåavstand til matbutikken. Treng han andre varer må han ofte til Fagernes, som ligg rundt 50 kilometer unna.

Kjell Arne Hagerup, Vang

OPEN: Kjell Arne Hagerup seier han sjølv er heilt open om at han ikkje har førarkort. Han trur andre som synest det er leit bør få snakka om det.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

– Bur du i ei bygd må du leige drosje eller få nokon til å køyre deg. Eg har forskjellige ærend der det ikkje er busstopp heller, seier han.

At han ikkje får køyre sjølv må han berre godta. Men seier det er tungt.

– Det er grådig vanskeleg psykisk. Det å skulle vere avhengig av andre. Eg kvir meg for å spørje om hjelp for eg veit at eg heftar folk, seier han.

Kjensler knytt til lappen

Marit Tuv er lege og sit i styret i Allmennlegeforeininga. Ho trur det er så vondt å miste førarkortet fordi ein også tapar sjølvstende.

– Du kjem deg ikkje på butikken, eller ut for å gjere det du er vand med å gjere. Eg trur det tapet kjennest større på bygda, seier ho.

Marit Tuv, lege, vang i valdres

VANSKELEG: Fastlege, Marit Tuv seier noko av det vanskelegaste i legejobben er når ho må anbefale at eldre får fråteke førarkortet sitt.

Foto: Hallgrim Rogn

Med utgangspunkt i førarkortforskrifta sjekkar ho om pasientane er skikka til å køyre. Ho ser etter om dei har fysiske eller psykiske sjukdommar som kan gå utover ferdigheitene. Og kognitive evner.

– Nokon tar det med fatning, særleg om dei har ein partnar som køyrer bil. Det er verre for dei som bur åleine. Det er heile registeret av vanskelege kjensler, seier Tuv.

Tuv meiner temaet er tabu, og at ein må snakke meir om det. Det er både Trygg Trafikk og Statens vegvesen einige i.

Guro Ranes i Vegvesenet seier ein må slutte å skamme seg over å ikkje kunne køyre.

– Det at vi får reduserte evner når vi blir eldre er heilt naturleg. Ein må tenke at dette er ikkje uvanleg, eller noko som berre skjer meg, seier ho.

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk

SNAKK OM DET: Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk seier alle har eit ansvar for å ikkje køyre om helsa hindrar deg i det. Uansett alder.

Foto: Trygg Trafikk

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk trur at det er ein god start å snakke om det i familien.

– Dette er jo ofte eit pårørandeproblem. Vi høyrer historier om at ungane må sende bekymringsmelding til politiet om at foreldre må bli greia ut eller få fråteke førarkortet. Det er belastande for den som må gå til det steget, seier han.

Har kanskje lappen for lenge

Frå ein er 80 år må ein ha helseattest kvart tredje år for å få køyre bil. Reglane vart endra i 2019, og tidlegare var alderen 75.

Om legar er usikre kan dei anbefale at pasienten tar ei køyreprøve hos Vegvesenet. I 2019 var 1088 over 70 år på ei slik køyreprøve. 624 av dei vart anbefalt å ikkje køyre meir.

Guro Ranes i Vegvesenet trur det finst fleire i trafikken som ikkje burde hatt førarkortet meir.

– Med tanke på at politiet jamleg tek frå eldre førarkort når det har vore mindre hendingar, så er det nok eit teikn på at det kanskje er ein del som ikkje burde hatt det, seier Ranes.

Guro Ranes

IKKJE SKAM: Guro Ranes i Vegvesenet seier det er innarbeida at ein ikkje skal køyre rusa til dømes. Men at ein snakkar mindre om helseproblem og køyring.

Foto: Knut Opeide

Ifølge tal frå Statens vegvesen var det 25 personar på 70 år eller meir som døydde i trafikken i 2019. Det var færre enn dei to åra før. Likevel er det høge tal, seier Ranes.

– Det har vore mykje fokus på dei yngste, men det er eit ikkje ubetydeleg tal eldre som for eksempel døyr i trafikken. Av ein total på 106-108, så er det ein ganske stor del som er eldre, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk trur også det. Men meiner det ikkje alltid handlar om alder. For helsekrava for å køyre gjeld oss alle.

– Uansett alder er det ingen som vil møte ein person som ikkje er skikka til å køyre bil. Om det er ein rusa person, ein person med sjukdom eller alderssvekking, seier Johansen.

Flere saker fra Innlandet