Formannskapet i Sel utsette onsdag behandlinga av den omstridde anbodssaka om vatn- og avløpsanlegg mellom Sjoa og Sandbumoen i Sel kommune.
Etter ein lang debatt gjorde formannskapet vedtak om å be kontrollutvalet gå gjennom saksbehandlinga.
Fleire klaga
Han hadde augo og øyro på vegne av fleire entreprenørar onsdag. Rune Haverstad følgde spent med på formannskapsmøtet i Sel, for han var ein av dei som har klaga på inhabil saksførebuing i Sel kommune.
Rune Haverstad
- Den kommunetilsette burde ta seg sjølv av saka, seier Haverstad.
Må rekne på nytt
Under anbodsopninga av eit vatn- og avløpsanlegg mellom Sandbumoen og Sjoa i Sel kommune var saksbehandlaren son til ein av entreprenørane. Han vart seinare på dagen tatt av saka, men likevel skal han ha kontrollrekna anbuda.
- Kvifor foreligg det to eksemplar av anbodsrekninga, spurte formannskapsmedlem Kåre B. Hansen.
Det forklarte ordførar Dag Erik Pryhn med at saksbehandlaren kanksje har arbeidd lenger med saka enn han burde.
Og det skal kontrollutvalet i Sel nå granske. I tillegg bestemte formannskapet at ein utanforståande tredjepart skal kontrollrekne anboda på nytt, før dei bestemmer kven som får oppdraget.
Administrasjonssjef Sjur Mykletun
Burde stilt habilitetsspørsmålet tidlegare
Det er ei kinkig sak Sel kommune har fått på bordet.
I etterpåklokskapens ljos, innser kommuneleiinga at habilitetsspørmålet burde vore reist tidlegare.
- I dette tilfellet burde ein stilt spørsmålet om habilitet på det tidspunktet det var klart at faren til saksbehandlaren kom til å levere eit anbod på vatn- og avlaupsanlegget, seier administrasjonssjef Sjur Mykletun i Sel.
Sonen skal ha auka faren sitt anbod med 1,2 millionar kroner, men likevel ikkje så høgt at faren tapte anbodet.