Hopp til innhold

Kampanje for kvinner

Fleire kvinner må inn i kommunestyra. Det meiner initiativtakarane bak ein kampanje som oppfordrar veljarar til å hjelpe kvinnene inn.  

Velgjarane i Hedmark og Oppland blir nå oppfordra til å setja eit ekstra kryss ved kvinnene på vallistene, for å få fleire kvinner inn i kommunestyra.

Bak kampanjen står likestillings- og diskrimineringsombodet. I Innlandet er det prosjektet Likestilt demokrati på Kvinneuniversitetet i Hedmark som køyrer kampanjen.

Fare for demokratiet

Det er berre 37 prosent kvinner i kommunestyra i Hedmark og Oppland.

- Ei slik skeiv kjønnsfordeling kan vera ein fare for demokratiet, seier Signe Opsahl i Likestilt demokrati.

- Også ved dette valet er det nominert relativt få kvinner. Dersom vi skal vi inn fleire kvinner enn før, er det veljarane som må gjera det, seier ho.

Som ein del av kampanjen er det er hengt opp plakatar med bodskapen Kryss Kvinner, der veljarane blir oppfordra til å setja eit kryss ved namnet til kvinner på stemmesetelen. Erfaringar frå tidlegare viser at den gongen det var mogleg å stryke folk frå listene, vart kvinner i mykje større grad enn menn strokne. 

Nødvendig med kampanjar

Det er nødvendig med slike kampanjar for å få kvinnene fram, seier Ida Kristine Teien. Ho står på andreplass på Senterpartiets fylkesliste i Hedmark:

- Men slike kampanjar åleine løyser ikkje problemet, meiner ho.

- Skal vi ha det same rekrutteringstempoet som i dag, vil det ta 80 år før vi har full likestilling. Derfor er det nødvendig også med andre tiltak.

Mange hinder

Men det er mange hinder å koma over. Ordførar i Tolga Marit Gilleberg reagerer sterkt på at ordførarkandidat Marit Erlien Hulbækmo denne veka fekk kritikk i Arbeidets Rett for at ho manglar politisk erfaring.

- Dette hadde ikkje skjedd ein mann, seier ho.

Denne veka vart også ei undersøking frå NTNU kjent ,der fleire skodespelarar hadde fått i oppdrag å presentere eit og same politiske bodskapen for ungdommar på rundt 18 år. Resultata viste at 18-åringane trudde mest på mennene og meinte at dei hadde dei beste argumenta trass i at dei framførte akkurat den same teksten. 

Dette overraska Elisabeth Sisselrud. Ho er 18 år og står på sjuande plass på APs liste i Kongsvinger.

- Slike kampanjar burde vera unødvendige, seier ho. - Det er viktig å velja den beste uansett kjønn.