Valet står mellom tre lister. Ei ny gruppering har nemleg bestemt seg for å stille liste, der dei går inn for at Sjukehuset Innlandet må halde på tre allsidige akuttsjukehus i Mjøsområdet.
Det kan bli eit spennande styreval i Sjukehuset Innlandet. (Ill.foto)
- Lista er ein protest mot dei andre to listene som har vore for lite synlege, seier andremann, Liv Thorsen ved sjukehuset på Gjøvik.
Klart standpunkt
Liv Thorsen meiner den nye lista vil score mykje på at dei har tatt eit klart standpunkt på tre akuttsjukehus i Innlandet.
- Vi har også følgd med på kva primærhelsetenesta og pasientane seier. Dei opplever at dagens ordning ikkje er til det beste for pasientane. Ein må ta inn over seg at geografien i Innlandet er annleis enn for eksempel kring Rikshospitalet, som er midt i Oslogryta. Vi kan ikkje organisere det på same måte som i tettbygde strøk, seier Thorsen.
- Usynlege styrerepresentantar
Etter å ha vore åleine på banen som dei tilsettes representant dei to siste åra, får dei to andre vallistene nå konkurranse frå kolleger.
Dei meiner styrerepresentantane har vore for usynlige, ikkje i minst i diskusjonen om ein framtidig sjukehusstruktur.
Liv Haugli, som representerer Sjukepleierforbundet, kommenterer dette slik.
Vil ikkje ha eitt hovudsenter
- Vi har ikkje tatt nokon stilling til modell enda, fordi vi meiner det er ein prosess. Men det som vi har tatt stilling til, er at vi vil ikkje ha eitt hovudsenter, seier Haugli.
- Kva tykker du om at denne "liste tre" uansett vil ha tre akuttsjukehus i regionen?
- Det er vel greitt dei går ut med det, men på ein måte er det å avslutte prosessen før han er avslutta. Dei har bestemt seg på forhånd, og det er også lov, seier Haugli.