– Forhold som kan true nasjonal sikkerheit er regulert i sikkerheitsloven. Justis- og beredskapsministeren har derfor bedt PST og NSM om ei vurdering av avtalen mellom Green Mountain og TikTok.
Det skriv Andreas Bondevik, kommunikasjonsrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet, til NRK.
Saman med kommunal- og distriktsministeren skal justisministeren sjå nærare på saka for å vurdere nasjonale sikkerheitsomsyn, opplyser han.
Omstridt app
Etter det vart kjent at TikTok skulle etablere seg i Noreg, har debatten rasa.
Sosiale medium-plattforma er kinesisk eigd og har etter kvart blitt omstridt. Debatten går mellom anna på om selskapet varetek personopplysningar godt nok.
Fleire og fleire aktørar, som Stortinget og Telenor, ber tilsette om å ikkje bruke appen på tenestetelefonar.
Fleire politikarar er blant dei som har reagert på avtala. Dei har stilt spørsmål om sikkerheitsvurderingane som er gjort.
Og dette vil no Justisdepartementet ha ei ny vurdering av.
NRK FORKLARER: Dette går konflikten rundt datasenteret ut på.
Vore i dialog med NSM
Det er Green Mountain som no etablerer Noregs største datasenteranlegg i Heggvin Næringspark i Hamar og Løten kommunar. Og det er dei som har gjort avtale om at det kinesiske selskapet skal få leige lokale.
Svein Atle Hagaseth, administrerande direktør i Green Mountain, seier at dei allereie har vore i dialog med NSM om avtala.
– Vi har sendt over informasjon til NSM allereie 13. mars, og hatt diverse oppfylgingar for å vite om det er noko meir dei treng frå oss i samanheng med avtala.
POSITIV TIL DIALOG: Svein Atle Hagaseth, administrerande direktør i Green Mountain, ser fram mot dialog med NSM.
Foto: Green Mountain / Green MountainHan påpeiker at Green Mountain sine system ikkje vil bli integrert med TikTok sine system.
– Vi leverer plass, straum og kjøling til datahaller, men det som skjer inni datahallene er TikTok sitt ansvar. Det er TikTok som kjem med serverar og sine datasystem.
At TikTok vel å etablere seg i datasenter i Europa, er eit positivt teikn, meiner han.
– Vi meiner det er eit stort steg TikTok gjer no, med tanke på å etablere datasenter i Europa for å sikre at europeiske data blir verande i Europa. Dei blir nøydd til å følgje både norsk lov og EU-regulativer rundt GDPR og privacy, seier han.
Tidlegare i mars var Theo Betram, visepresident for «Government Relations and Public Policy» i TikTok, på besøk på Hamar. Då uttala han at TikTok ikkje har noko å skjule.
– Vi er sannsynleg den mest granska appen i verda når det gjeld sikkerheit, seier han.
Bertram sa at det er ein feiloppfatning at TikTok er eigd av kinesarar. Og han avviste at kinesiske myndigheiter har tilgang til TikTok sine data.
SKJULER INGENTING: Theo Bertram, visepresident for «Government Relations and Public Policy» i TikTok, understrekar at selskapet ikkje har noko å skjule.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKEtterlyser betre kartlegging av sikkerheita
Blant dei som har vore skeptiske til avtala er Anna Molberg, stortingsrepresentant for Innlandet Høgre. Ho har stilt skriftleg spørsmål om kva sikkerheitsvurderingar justisministeren gjer for å vareta norske interesser.
– Vi må finne ut av om det faktisk er ein sikkerheitstrussel ved det. Det kan godt hende det ikkje er det, men det er viktig å kartlegge om det er det, seier Molberg.
SKEPTISK: Anna Molberg i Høgre meiner det må kartleggast om avtala inneber sikkerheitstruslar.
Foto: PrivatDet faktum at politikarar og tilsette i fleire etatar anbefalast å slette TikTik frå telefonen sin, viser kvifor det er naudsynt med ei slik vurdering, meiner ho.
Høgre er i utgangspunktet positive til at ny industri kjem på plass i Innlandet, påpeiker Molberg.
– Men vi må og ta i betraktning at det er ein utanlandsk aktør her, som vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med. Da må vi forvente at regjeringa er tydelege på korleis dei vurderer sikkerheita rundt denne etableringa.
Etableringa av sjølve datasenteret er regulert i Ekomlova, som kommunalministeren har ansvaret for. Denne lova skal ein også sjå på no.
– Regjeringa jobbar med ei revisjon av ekomloven, som planlegges lagt fram for Stortinget før sommaren. Helt sentralt i dette arbeidet er å vareta omsynet til nasjonal sikkerheit. Vi kan ikkje kommentere dette nærare no, skriv Andreas Bondevik i Justis- og beredskapsdepartementet.