Hopp til innhold

Gledas dag for Joy: – Eg blir her

Ho vart offer for menneskehandel som 16-åring og vart tvungen til å prostituere seg i Oslo. I 12 år har ho venta. No har Joy (28) fått fornya opphaldsløyve i Noreg, utan avgrensing.

Joy og reservemamma Anne Katrine Kjellsby

OPPHALD: «Joy» Augustina Patient Isibor (til høgre) og reservemamma Anne Katrine Kjellsby. Joy får opphaldsløyve i Noreg i tre år til, utan avgrensing.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Eg hoppa av glede, seier «Joy» Augustina Patient Isibor.

Ho har fått svar i eit brev frå Utlendingsdirektoratet (UDI):

Etter 12 år i Noreg har 28-åringen frå Nigeria endeleg fått opphaldsløyve utan avgrensing. No kan ho få fast jobb, reise på ferie, og ta førarkortet på bil.

Om tre år kan ho søke om permanent opphaldsløyve.

– Eg har vore i denne situasjonen i så mange år, så å få kunne leve livet eg har drøymt om betyr verkeleg mykje, seier Joy.

«Joy» Augustina Patient Isibor

HÅP: Med opphaldsløyve som ikkje er avgrensa vil det endre livet til Joy.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Offer for menneskehandel

Opphaldsløyvet har til no vore avgrensa av sterke menneskelege omsyn. Eit fingeravtrykket registrert i Nigeria i 2008 er stridens kjerne.

NRK har omtalt saka til Joy tidlegare, i november 2019. Ho kjem frå fattige kår i Nigeria. Ifølge Joy døydde mora då ho var liten, og faren då ho var 15 år. På dødsleiet til faren kom ein venn av familien og sa sonen kunne hjelpe.

Ho gav frå seg fingeravtrykket sitt, men det var ikkje ho sjølv som fekk det falske passet, men ein mann som fekk ho frå Afrika til Nord-Europa og Noreg. Der venta ikkje barnepass-jobb og utdanning slik ho trudde, men Joy vart tvungen til prostitusjon.

Utlendingsnemnda (UNE) har slått fast at Joy er offer for menneskehandel.

Tilbake i 2008 var Joy 16 år og hadde behov for medisinsk hjelp grunna låg blodprosent.

Sidan ho ikkje kunne forklare kvar ho budde, og heller ikkje hadde legitimasjon, vart politiet involvert.

Joy vart plassert hjå barnevernet i Vestre Toten. Ho møtte Anne Katrine Kjellsby som ho i dag kallar mamma, tok norskkurs, fullførte grunnskulen og byrja på vidaregåande. Ho fekk lærlingplass innan helsefag, og i dag har ho vikarjobb som helsefagarbeidar i heimetenesta i Vestre Toten, ein jobb ho likar.

Til no har Joy ho måtta ta beina fatt når ho jobbar, for den avgrensa opphaldsløyva gjer at ho ikkje kan ta førarkort.

Ho har måtta søke om opphald kvar einaste år, i 12 år.

Fleire gonger har norske myndigheiter villa sende Joy ut av Noreg.

– Kan generelt vere veldig tidkrevjande

For å få opphaldsløyve etter utlendingslova paragraf 38, må ein skaffe dokumentasjon for identiteten sin. UDI kan gjere unntak dersom det er sannsynleg at identiteten er riktig, og til dømes dersom det ikkje er mogleg å skaffe pass frå heimlandet.

Områdeleiar Ingrid Olram i UDI svarer i ein e-post at Joy no har fått opphaldsløyve som ikkje er avgrensa fordi ho har gitt ei truverdig forklaring på kva som er det rette namnet og identiteten hennar.

UDI meiner at dei ikkje kan krevje at Joy reiser til Nigeria av omsyn til tryggleiken hennar.

– I løpet av tida Isibor har opphalde seg i Noreg har det gradvis kome til nye opplysningar som har hatt betydning for avgjersla vår.

– Me klarte det

Same dag som Joy har fått nyheita om opphaldsløyvet, tar ho turen innom jobben til reservemamma og undervisningsinspektør i vaksenopplæringa i Vestre Toten, Anne Katrine Kjellsby.

Dei to gir kvarandre ein god klem.

– Me klarte det, seier Kjellsby.

– Eg spør meg sjølv om det verkeleg er sant, seier Joy.

Joy Isibord og reservemamma Anne Katrine Kjellsby

SIGER: Anne Katrine synest avgjersla i Joy si sak er ein siger, og håper at utfallet kan gi betydning for andre i same situasjon. Som svar til det har Olram i UDI følgande utsegn: – Vurderingane me har gjort i denne saka er svært individuelle og konkrete, difor vil den ikkje nødvendigvis påverke korleis me behandlar andre saker, seier Olram.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Anne Katrine er letta:

– Dette trur eg er noko av det sterkaste eg har opplevd. Me har venta så lenge på at dette kanskje ein dag skulle komme i mål, seier Kjellsby.

Ho seier det har vore ein tung kamp, og at det som har vore positivt er at det har vore mange gode støttespelarar rundt dei.

– Det har gjort at me har klart å stå i det, seier ho. No håper Anne Katrine at dette kanskje kan gjere ein forskjell for andre i same situasjon, seier Kjellsby.

– Eg blir her

På jobb er Joy ekstra glad denne dagen. Heime hjå brukar Jan Erik Andersen fortel ho kva som har skjedd:

– Eg har gode nyheiter. I dag har eg fått brevet, og eg blir her.

Ho seier at no kan ho senke skuldrene.

Joy og Jan Erik

«​​EG BLIR»​​​​​​​: Joy fortel Jan Erik Andersen den gode nyheita om opphaldsløyvet.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Planane framover er å ta lappen. Det er ein ting som er viktig når ein jobbar i heimesjukepleia. Og så vil eg kanskje reise litt. Det fekk eg ikkje lov til, så eg har vore her kvar sommar, så no er det berre «ha det», seier ho og ler.

Og Jan Erik synest nyheita om at Joy har fått opphaldsløyve er god å få.

– Det er bra for Noreg. Joy er veldig flink, seier han.

Dei gir kvarandre ein tommel opp.

Joy og Jan Erik

GOD TONE: Joy og Jan Erik gir kvarandre tommelen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet