Det er ein knallfin dag på flystripa i Elverum, og dei seks hangglider-pilotane står og ser litt undrande opp i lufta.
Samtala mellom dei er ikkje lett å henge med på. Dei diskuterer visst skyene. Blåtermikk, seier ein av dei, for lite skyer seier ein annan, og eg forstår at dei ikkje er heilt tilfreds.
Jaktar rekorden
Målet deira er å fly frå Elverum til Åndalsnes. Ei strekning som tek fem timar med bil. Men for å flyge Norge på tvers utan motor krev spesielle ferdigheiter, og ikkje minst ideelle verforhold.
– Eg hadde håpa på litt meir medvind i dag, og så er det litt for lite skyer. Men det er nok oppdrift her seier Olav.
Han forklarer at skyene blir danna av det løftet dei brukar for å stige, og at dei derfor er ein god indikator på kvar dei kan finne løft.
– I dag er det slik ver at skyene stig ikkje høgt nok til at dei kondenserer, og det er det vi kallar blåtermikk, forklarar han.
Den perfekte bobla
Olav samanliknar termikken i lufta med ei gryte med vatten som kokar. Vassboblene som dannar seg i botnen av gryta under oppvarming og som til slutt slipper og stiger opp. Det er det same som skjer når sola varmar jordskorpa.
– Det er den termikken vi flyg etter for å få løft, seier Olav.
På eit gps-instrument kan Olav fylgje med på ruta og løftet.
– I ei sterk termisk-boble kan ein stige åtte meter i sekundet, så kraftig kan det vera.
Men dagen er enda kort, og dei er avhengige av at sola varmar bakken. Ein flytur til Åndalsnes kan ta 9 timar, så snart er dei seks på vingane.
Må flyge over 236 kilometer
Olav har distanserekorden på den vanlegaste typa hangglider, og flaug 225 kilometer frå Trysil for nokre år sidan. Men han som har floge lengst i Norge er ein paraglider-pilot, og det er den Olav no vil gå etter.
– Ja det er litt artig å ha den rekorden, så i dag står pila og peikar rett mot Åndalsnes, smiler Olav.
Det vart dessverre ingen rekord denne gongen. Forholda var vanskelege og turen enda på eit potetjorde etter tre-fire mil.
– Det var litt for stabil luft, fortel Olav.
– Du har ikkje geve opp?
– Nei. Eg reknar med at det blir nokre slike dagar før dagen slår til. Eg får trøyste meg med at eg kom lengst, sjølv om det ikkje var så langt som eg ønska, seier Olav.