Årsaken til at isbreane blir berre mindre og mindre er varme somrar, og milde og nedbørsfattige vintrar.
Dette skapar store problem for turistnæringa.
Må avlyse breturar
Turistvertar i fjellet må nå avlyse breturar fordi det er for farleg.

Isbreane har minka dramatisk dei siste åra.
Dagleg leiar ved Leirvassbu fjellstue i Jotunheimen, Magny Hilde, seier dei måtte avlyse mange breturar fordi sprekkane har blitt for store.
- Sist sommar merka vi godt at breane hadde minka og at sprekkane var større enn tidlegare, seier Hilde.
Smeltar bort
Målingar i Jotunheimen syner at 5-6 meter på toppen av isbreane har smelta bort dei siste 10 åra.
- Mange av gjestane våre vil gjerne på bretur, men i sommar var det for farleg å legge rutene til fjelltoppar om enkelte brear, seier Hilde.
Norges Vassdrags- og Energidirektorar, NVE, målte 14 brear i fjor, og samtlege hadde minka kraftig.