Truleg er det over 100 personar frå Oppland og Hedmark som er i områda som vart ramma av den enorme flodbølgja 2. juledag.
Ikkje oversikt
Situasjonen etter flodbølge-katastrofa er fortsatt kaotisk. Kongsvinger-mannen Ola Storberg som er nestkommanderande ved den norske ambassaden i Bangkok kan ikkje bekrefte om det er folk fra Hedmark eller Oppland blant dei døde. Men dødstalla stig, også blant nordmenn, seier Storberg.
Forut får pengar
Hjelpeorganisasjonen Forut på Gjøvik får to millionar kroner frå Utanriksdepartementet til hjelp i katastrofeområda på Sri Lanka.
Generalsekretær Terje Heggernes seier pengane skal brukast til akutte tiltak. Mellom anna er det stort naud for reint vatn og mat til dei som er hardast ramma.
Forut har sidan 1981 stått for eit omfattande hjelpearbeid på Sri Lanka og har over 100 tilsette på øya.