Hopp til innhold

Varsla om ukultur i tippinga

Informasjonsdirektør Peer Jacob Svenkerud var den som varsla om ukulturen i Norsk Tipping.

Peer Jacob Svenkerud

Informasjonsdirektør Peer Jacob Svenkerud innrømmer at det har vore ei tøff tid etter at han varsla om snusk i Norsk Tipping.

Foto: Norsk Tipping

- Eg observerte ting sjølv, og eg fekk bekymringsmeldinger frå sentrale medarbeidarar i organisasjonen. Til slutt fekk det meg til å trekkje konklusjonen om at eg måtte ta dette vidare.

Det seier informasjonsdirektør Peer Jacob Svenkerud i Norsk Tipping til Dagens Næringsliv .

(Se det uredigerte intervjuet med Peer Jacob Svenkerud)

Video nsps_upload_2010_1_15_18_38_2_835.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Han var den som varsla styret om ein ukultur i Norsk Tipping i 2007.

Riksrevisjonen fann feil

Dei fyrste teikna på at noko var gale kom da Reidar Nordby jr. måtte slutte hausten 2007. Da kom det fram at Norsk Tipping betalte for stell av Nordby sin hage, men utan at han skatta av dette.

Les: Sparket fra Norsk Tipping

Riksrevisjonen har undersøkt verksemda i Norsk Tipping i perioda 2000-2007, og gjort fleire kritikkverdige funn.

Les: Riksrevisjonen sin rapport om Norsk Tipping.

Mellom anna skal Reidar Nordby ha inngått kontrakter for ein milliard kroner med eit selskap som vart leia av ein nær ven av han.

Les: - Ga oppdrag til eget firma

- Tung tid

Overfor Dagens Næringsliv innrømmer Peer Jacob Svenkerud at det har vore ei tøff tid etter at han varsla om tilstandene innad i Norsk Tipping.

- Denne prosessen har medført at organisasjonen har gått gjennom mykje vondt, og uskuldige menneske har vorte ramma. Det tykkjer eg er veldig tungt.

Les: Vil granske saken selv

Les også: Tippe-topp trekker seg

Han meiner at situasjonen i Norsk Tipping nå er heilt endra, og at den nye leiinga, med tidlegare styreleiar Sigbjørn Johnsen i spissen, greip fatt i problema.

- Han agerte umiddelbart med å rydde opp i forholda eg gjekk til styret med. Eg vart teke på alvor og eg vart beskytta, seier Peer Jacob Svenkerud til avisa.

Flere saker fra Innlandet