Hopp til innhold

Bekreftar at personsensitiv data er lekka etter dataangrep i Østre Toten

Etterforskinga dei siste dagane har vist at data ligg ute på det mørke nettet. Kommunen seier persondata har hamna på «det mørke nettet».

Dataangrep Østre Toten

GJENOPPRETTING: Alle desse datamaskinene måtte gjenopprettast etter angrepet. Kommunen var framleis utan alle system på plass ein månad etterpå.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Oppdatert 31/3 kl. 22.00:

Kommunedirektøren i Østre Toten kommune seier ein stikkprøve som er gjort bekreftar at kriminelle har lagt ut personopplysningar på nett.

– No jobbar interne og eksterne folk vidare med å gå igjennom data som kriminelle så langt har gjort tilgjengeleg på «det mørke nettet». Denne analysejobben vil ta tid. Dei som er råka vil bli kontakta av kommunen, seier kommunedirektør Ole Magnus Stensrud.

Data frå vaksenopplæringa

Det var i januar at Østre Toten kommune vart utsett for eit stort hackerangrep som sette alle systema ut av spel. Truleg kom både persondata og helsedata på avvege.

Dei aller siste undersøkingane viser at det er data frå vaksenopplæringa som er kome på avvege.

– Er det kome krav om løysepengar i samband med desse siste opplysningane?

– Nei, det har det ikkje, seier kommunedirektør Ole Magnus Stensrud.

Hackarane har tidlegare sendt krav om løysepengar. No har dei sendt ein ny beskjed om at info frå kommunen er lagt ut på «det mørke nettet».

– Vi prøver no å finne ut kva info som kan ha komme ut der, seier Stensrud.

Ole Magnus Stensrud, kommunedirektør Østre Toten

Kommunedirektør, Ole Magnus Stensrud i Østre Toten seier dei har vore førebudd på at info som vart stolen i hackerangrepet kan bli misbrukt.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Politiet etterforskar

Hackarane skal ha sendt ei melding via kommunen sine interne system om at infoen er lekka.

– Politiet har fått informasjon om at det kan vere lekka data frå angrepet.

Det seier André Hals hos etterforskingsavdelinga på Gjøvik. No etterforskar dei saka vidare for å finne ut konkret kva som kan ha blitt lagt ut.

– Det er så langt vi er komme, seier Hals.

Hals seier at det mørke nettet i stor grad er uregulert og ein arena for mange ulike aktørar.

– Vi kjem til å ta tak i det og følge denne tråden for å få ut så mykje informasjon som mogleg, seier han.

Kommunedirektøren seier dei heile tida har vore klar over at data som vart stolen i angrepet kan bli misbrukt.

– Same helg som vi vart angripe, gjekk vi ut med informasjon til våre innbyggarar om at personsensitive data kan vere på avvege, seier kommunedirektøren.

Fekk store konsekvensar

Angrepet er det største som er skjedd mot ei kommune nokon gong. I PST si trusselvurdering har dei sagt at ein er ekstra sårbare for å bli angripe med heimekontor. Ekspertar seier også at småkommunar er ekstra sårbare for slike angrep.

Hackarane tok seg bak brannmuren og sletta alt i Østre Toten. Dei 1300 tilsette i kommunen måtte jobbe med penn og papir i lang tid.

Hackarane bad om løysepengar for å gi tilbake sikkerheitskopiane, men det har dei ikkje fått. No blir kommunen truga på nytt.

Dataangrepet fekk blant anna desse konsekvensane:

  • Den første veka var mange helt utan e-post.
  • Sosialhjelpsmottakarar måtte skrive søknadar på nytt.
  • Alle PC-er måtte formaterast og få lagt til ny programvare.
  • Det er stor fare for at sensitive data er komme på avvege.
  • Også sikkerheitskopiar vart sletta av angriparane.
  • Tilsette måtte jobbe med penn og papir i starten.
  • Angrepet vil truleg koste minst 10 millionar kroner.

Endringar: Artikkelen vart først publisert 30. mars, men vart 31. mars oppdatert med dei nye opplysningane om at det er vaksenopplæringa som er blitt ramma.

Flere saker fra Innlandet