Vinmonopolet i Kongsvinger er eitt av dei som aukar aller mest. Så langt i år har salet auka med 15 prosent, samanlikna med i fjor.
Endeleg auke
Det er det same vinmonopolet som for berre få år sidan frykta for å bli lagt ned, fortel rådgjevar i Vinmonopolet Jens Nordahl.
Stadig fleire nordmenn droppar turen til Sverige og kjøper vinen heime i Norge. Det er positivt for vinmonopolet i Kongsvinger, som endeleg har ei salgsauke etter mange år med dårleg omsetnad.
Trenden er snudd
Svekka krone og billegare alkohol gjer det mindre lønnsamt å handle i Sverige. Auka i Kongsvinger gjer at det berre i andre kvartal i år vart selt 6.000 liter meir alkohol enn på same tid i fjor.
Jens Nordahl er glad for at trenden ser ut til å ha snudd, og at svenskehandelen går nedover.