Det har vore mykje strid om ambulansekjøringa dei siste åra, etter at Sjukehuset Innlandet sjølve tok hand om dei ulike rutene. I Valdres har stemninga vore amper, fordi mange bygder har kjent seg usikre på tilbodet.
Kontrakta er ikkje på anbod.
Millionkontrakt
Selskapet som har ambulansetenesta i Valdres har fått forlenga kontrakten, utan at det vart lagt ut på anbod.
For fem år sidan fekk Valdres Ambulansetjeneste og Arne-Olav Langedrag ei kontrakt verdt over 50 millionar kroner om ambulansedrift i dei seks Valdreskommunane.
Kontrakten gjekk ut nå i oktober, men Sjukehuset Innlandet har forlenga avtala.
Krev anbod
Leiaren i bygderådet i Hedalen i Sør-Aurdal, Odd Nysveen, seier det er meinigslaust at det ikkje vart noko anbod denne gongen.
- Det blir inga konkurranse om kjøringa. Det burde det vore, seier Nysveen.
- Eg trur mange i Valdres er irritert over dette. Mange kunne ha gitt oss eit betre tilbod. Før var det seks ambulansar i Valdres, men nå er dei sentralisert til visse stader. Det kunne eit anbod gjort noko med, seier Nysveen.
Avviser kritikken
Sjukehuset Innlandet avvisar kritikken frå valdrisane om ambulansetenesta.
Innkjøpssjef Eirik Strand i Sykehuset Innlandet stadfestar at ei fem års kontrakt med Valdres Ambulansetjeneste verdt over 50 millionar kroner blir vidareført til oktober 2005.
Strand seier kontrakten i Valdres har ein klausul om at avtala kan fornyast for eitt år om gongen, men at ambulansetenesta må leggjast ut på anbod med jamne mellomrom.
Utover det vil ikkje innkjøpssjefen kommentere saka. Han seier dei er godt nøgde med ambulansetenesta i Valdres, slik den har fungert dei fem siste åra.
Bryt ikkje lova
Sjukehuset Innlandet bryt ikkje lova, men dei utnytter systemet maksimalt.
For det er på det reine at kontrakta med Valdres Ambulansetjeneste ikkje utan vidare kan halde fram i årevis.
Hjå det rådgjevande organet Næringsretta Offentleg Konkurransepolitikk, NOK, som ligg under Moderniseringsdepartementet, får vi opplyst at kontrakten bør leggjast ut på anbod.
Dersom prinsippet om fri konkurranse skal gjelde kan ikkje avtala fornyast mange år etter kvarandre utan anbod.
NOK seier at det er vanskeleg å avgjera når avtala har gått for lenge, det blir eit skjønnsspørsmål som ein domstol i tilfelle på ta stilling til.