I løpet av dei neste åtte åra er det foreslått fire VM i vintertriatlon i Noreg.
No har kulturdepartementet gitt klarsignal med støtte på 4 millionar kroner til det første verdsmeisterskapet.
Startskotet blir på Lillehammer i 2023.
– Det er fantastiske nyheiter! Vi såg i VM i Andorra at Noreg er heilt oppe og nikkar, og interessa veks, seier noverande verdsmeister Hans Christian Tungesvik.
STOR VARIASJON: I vintertriatlon slepp ein å kaste seg ut i vatnet, men ein må springe, sykle og gå på ski i 28 kilometer.
Foto: Tommy Zaferes / World Triathlon MediaI år glei han inn til ei gullmedalje i Andorra, etter 6,2 kilometer springing, 11,8 kilometer terrengsykling og 10 kilometer langrenn.
I juniorklassa hevda også fire andre nordmenn seg, Sivert Ekroll, Julie Meinicke, Casper Rønning og Theresa Fürstenberg, med to gull og to sølv i juniorklassa for kvinner og menn.
– Vintertriatlon er ikkje verdas største sport. Det at Noreg tek ansvar for å ha VM med høg kvalitet trur eg er veldig bra for sporten, også internasjonalt, seier Tungesvik.
- Det er mange eldsjeler involvert i idrettsarrangement:
Åtte verdsmeisterskap
Det er Bergen Triathlon Events som har teke initiativ til å ha fire verdsmeisterskap i åra framover. Dei har søkt saman med Norges Triatlonforbund om middel til det første. Bak verksemda er Åsane Cykle Klubb og Bergen Triatlonklubb.
Tanken er å utvikle konkurranseforma gjennom eit nordisk konsept.
– Vi vil skape eit nytt og meir kompakt triatlon-arrangement, noko vi trur det er brei interesse for, seier Trond Ahlsen, dagleg leiar i verksemda.
OL-gull i triatlon har vore med og løfte engasjementet i år:
Han meiner det også er lurt å utvikle sporten på ein berekraftig måte ved å sørgje for at kompetansen og anlegga for liknande sportar også kan brukast i andre samanhengar.
– Alle kjenner den kompetansen som ligg på Lillehammer som går tilbake til vinter-OL, men også den kompetansen Birken har med fleire årlege arrangement.
Vil løfte idrettsmangfald
Det er ein ambisjon stortingspolitikar Margrethe Haarr (Sp) i Familie- og kulturkomiteen deler.
ROSAR ELDSJELER: Margrethe Haarr er glad for å kunne støtte forskjellige typar idrettsarrangement som engasjerte løftar fram.
Foto: Ann-Kristin Mo / NRK– Regjeringa ønsker å vere med og støtte arrangementskompetansen i VM i triatlon. Vi vil vise fram idrettsmangfaldet som eksisterer i Noreg.
Og sjølv om 4 millionar, som kulturdepartementet gir til VM-arrangementet, ikkje er like mykje som andre verdsmeisterskap i vintersportar i Noreg, kjem det godt med for dei som skal gjennomføre det.
– Eg må også rose dei som har vore med på å løfte denne idretten i Noreg og heva det sportslege nivået, seier Haarr.
Klar for kamp
Tungesvik håpar på skikkeleg entusiasme for sporten, med eit publikum som kan skape stemning i 2023, og eit større engasjement rundt idretten.
KLAR TIL KAMP: Tungesvik skal forsvare tittelen sin i Andorra i 2022, så rettar han blikket mot Lillehammer.
Foto: Tommy Zaferes / World Triathlon Media– Variasjonen som er mogleg med tre forskjellige idrettar i både trening og konkurranse er noko heilt eiget. Eg satsa langrenn fram til eg var 20, men det var litt einsformig. Dersom ein likar å gjere mykje forskjellig, både sommar og vinter, er vintertriatlon ein heilt genial sport.
Akkurat no førebur han seg på å forsvare tittelen sin i VM i Andorra i februar, men planane etter det er klare.
– Med ein gong det er over så sett vi auga på VM på Lillehammer i 2023.
- Ikkje alle satsar fulltid på karrieren med ein gong. Kristian Eriksen på HamKam er ein av dei beste spelarane i 1. divisjon, og arbeidar i barnehage.