Hopp til innhold

Byggeboom i Noregs største hyttekommune

Den tyske skiskyttarstjerna Miriam Gössner er blant dei som byggjer seg hytte i Ringsakerfjellet. I landets største hyttekommune blir det bygd som aldri før.

Hytteboom i Ringsakerfjellet

Miriam Gössner har forelska seg i området rundt Sjusjøen. Nå håpar ho at hytta er klar til neste påske.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

Før var det skog og slitne traktorvegar her. Nå sprett det opp hytter overalt mellom grantrea på Natrudstilen på Sjusjøen. Ringsaker er landets største hyttekommune, og utviklinga held berre fram. Aldri har det vore større aktivitet i fjellet her.

Blant dei som er i ferd med å bli hytteeigar her er den tyske skiskyttaren Miriam Gössner. Ho har norsk mor og har lagt sin elsk på Ringsakerfjellet.

– Dei held på å bygge hytta mi akkurat nå, og eg håpar dei blir ferdig med den til vinteren. Da blir det påskeferie her neste år.

Ringsaker er allerede landets største hyttekommune.
Men etterspørselen er stor.
Derfor bygges det nå hytter som aldri før i kommunen.

Små og rimelege hytter

I 1987 brukte Ringsaker allmenning eit heilt år på å selje tre hytter dei hadde sett opp. Nå er situasjonen ein heilt annan.

– Det er heilt enormt. Vi har bygd 120 hytter på eit år. Vi la ut eit hyttefelt med 40 tomter og alt er selt, og vi legg i tillegg ut eit nytt felt nå, seier anleggsleiar Johannes Haukåssveen i Ringsaker allmenning.

Han seier at trenden er at det blir bygd små og relativt rimelege hytter, og at det er fleire yngre familiar som bygger.

1145 nye tomter

I fjor vart det sett i gang bygging av 241 fritidsbustader i Ringsaker, det er langt fleire enn i nokon annan norsk kommune.

– Det betyr mykje for arbeidsplassane for til dømes snikkarar, røyrleggarar og elektrikarar. Dette sikrar butikkar i nærområdet og på fjellet, samtidig som det gjev inntekter til kommunen, seier ordførar Anita Ihle Steen.

Snart kan det bli enda fleire hyttetomter, i september skal kommunestyret vedta ein kommuneplan som opnar for bygging av ytterlegare 1145 tomter.

Det er ikkje alle som jublar over fortetting av eksisterande hytteområde eller at nye område blir teke i bruk. Ordføraren meiner likevel dei har laga ein plan som alle bør kunne leve med.

– Somme meiner vi gjer for lite, andre meiner vi gjer for mykje. Vi har ein plan som har godkjent av alle regionale styresmakter, nabokommunar og alle som er råka, så eg meiner vi nå har ein balansert og god plan, seier Anita Ihle Steen.

Flere saker fra Innlandet