Hopp til innhold

Berre Kaptein Sabeltann er meir populær

Laurdag har Trollnatt premiere i Hunderfossen familiepark. 12.000 publikumarar er venta til dei 16 utandørs familieframsyningane. Noko som gjer dei til Noregs nest mest populære, ifylgje parken. Kun slått av kongen på havet, Kaptein Sabeltann.

Askeladden i kamp med dragen i Hunderfossen familiepark

SVERDKAMP: Allereie før publikum kjem fram til den nye utandørsscena «Kongsgården», får dei sjå Askeladden i aksjon.

Foto: Stein Schinstad / NRK

– Det er jo helt eventyrleg å vere i verda til Askeladden. Å få lov til å spele Askeladden her er jo magisk, seier Jonas Strand Gravli, som til vanleg er tilsett ved Nationaltheatret.

I tillegg står òg blant anna Hilde Lyrån på scena og stykke er regissert av Gard Eidsvold.

– Det har mykje å si for inntrykket. Dei har med seg ein god belast, skryt direktør for familieparken, Hogne Høstmælingen.

Trur på 12.000 selde billettar

Dei 700 billettane til premiera laurdag kveld er utseld. Og til nå er rundt 6000 billettar seld til dei 16 framsyningane, men Høstmælingen reknar med at til saman 12.000 menneske vil få med seg Trollnatt i løpet av sommaren.

Trolle og Askeladden under framsyninga Trollnatt

TREKKPLASTER: Rebekka Opdal Christiansen Jonas Strand Gravli er to av skodespelarane som skal freiste folk til å utvide besøket sitt hjå Hunderfossen familiepark.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Til samanlikning er det 17.000 på Peer Gynt-framsyningane ved Gålå-vatnet.

– Vi er svært stolte av det. Det har vorte gjort ein kjempejobb, og det er mange som skal ha skryt, seier Hunderfossen-direktøren.

Men det er framleis langt att til kongen sjølv, Sabeltann.

– Sabeltann sel rundt 50.000 billettar, dei er ein eigen divisjon. Men dei har gjort dette i fleire tiår òg. Vi har litt kortare fartstid, seier Høstmælingen.

Vil få folk til å bli lenger

Trollnatt-framsyninga skjer på den nye utandørsscena «Kongsgården», men allereie nå er det for trongt om plassen.

– Tribunekapasiteten er det einaste som avgrensar oss nå. Vi vil gjere ein nøye vurdering av kapasitet vidare, men vi ser at den er for liten i fylgje interessa, seier Høstmælingen.

Hunderfossen sitt nye amfi «Kongsgården»

NYTT: Eit av årets nyhende er utandørsscena «Kongsgården».

Foto: Stein Schinstad / NRK

Han fortel at målet med oppsettinga er å forsterke eventyruttrykket i parken.

– Vi såg at mange var her ei natt. Formålet er å få dei til å vere ei natt til, det meiner vi at vi lykkast med.

Flere saker fra Innlandet