Hopp til innhold

18 viltpåkøyrslar på under eit døgn – Dette gjer du når ulukka skjer

ELVERUM (NRK): Det er på denne tida av året flest køyrer på dyr på vegane. Mange reiser vidare før dei varslar, ifølge fallviltgruppa.

Viltnemd, elverum

RÅDYRBUKK: Isak Halvorsen i fallviltgruppa i Elverum vart kalla ut natt til fredag då nokon hadde køyrt på denne bukken. Den hadde så store skader at Halvorsen måtte avlive den.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Når det blir mykje snø, trekker dyra mot dei plassane der er enklare å komme seg fram.

– Då er vegane dessverre ein naturleg plass å opphalde seg, seier Kjartan Våge i politiet.

Frå klokka 15 torsdag ettermiddag til morgonen fredag skjedde 18 ulukker der rådyr og elg vart påkøyrd i Innlandet.

Innlandet har hatt mykje snø i det siste og skil seg ut. Dei andre politidistrikta i landet har ikkje meldt om viltpåkøyrslar det siste døgnet.

Laster Twitter-innhold

Den siste ulukka skjedde etter Twitter-meldinga frå politiet.

Elgpåkjørsel i Løten kommune.

PÅKØYRING AV ELG: Også fredag ettermiddag vart det meldt om påkøyring av elg. Ingen personar vart skadde i ulykka, men for elgen gjekk det ikkje fullt så bra

Foto: Beate Andersen / Fallviltnemda

– Varsle raskt

I jaktåret 2019/2020 vart døydde 8600 hjortevilt i trafikken, ifølge SSB. Det betyr om lag 24 dyrepåkøyrslar om dagen.

Isak Halvorsen er leiar for fallviltgruppa i Elverum. Dei blir kontakta når slike ting skjer der.

Han fortel kva du skal gjere du om du køyrer på vilt:

  • Varsle med ein gong.

Halvorsen seier du skal ringe politiet på 02800. Då får dei registrert hendinga og sett deg til viltnemndene i rett område.

– Vi i fallviltgruppa rykkjer ut med ein gong. Vi er operative heile døgnet. Folk skal ikkje føle at dei bryr nokon ved å ringe midt på natta, seier Isak Halvorsen.

Fareskilt elg

AUKA FARE: Dette skiltet blir sett opp mellom Løten og Elverum. På denne tida av året er det ekstra stor fare for at elgen er langs vegen.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Fallviltgruppa treng namnet ditt, registreringsnummeret på bilen og adressa di. Dette er for å kunne lage ein bekrefte på at ulukka har skjedd, til dømes for å bruke i forsikringssaker.

  • Ikkje køyr vidare med ein gong.
Isak Halvorsen, Elverum

Halvorsen har jobb nesten kvar dag med å hjelpe skadde dyr. Etter å ha fjerna rådyrbukken i Elverum gjekk han ut for å leite etter ein elg dei mistenkte hadde blitt skadd.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Halvorsen seier dei vurderer frå sak til sak om du bør vente til fallviltgruppa kjem på staden eller om du kan køyre vidare. Dei opplever ofte at folk reiser og ikkje kan forklare akkurat kor det skadde dyret er.

– Folk reiser frå hytta si i Trysil og ringer når dei er i Minnesund. Og dei seier «det er mellom Elverum og Trysil ein plass». Då er vi sjanselause, seier han.

  • Merk plassen ulukka skjedde

Om du får beskjed om at du kan køyre vidare er det viktig å markere plassen der du køyrde på dyret. Spesielt om dyret sprang vidare inn i skogen.

– Om du har ein refleksvest, eit viltband eller ein pose du kan henge opp. Helst på den sida av vegen dyret vart borte om den sprang, seier Halvorsen.

Elgen et vegsaltet

Ifølge Halvorsen i Elverum er denne tida på året den aller travlaste for dei som rykker ut ved viltpåkøyrslar.

– Vi har jo jobb nesten kvar einaste dag med dette i månadene frå jul og ut februar. I Elverum har vi rundt 200 påkøyringar i løpet av året og absolutt mest i vintermånadene, seier Halvorsen.

Snøen gjer det vanskelegare for dyra å komme seg fram i skogen. Men også saltet på vegane er freistande.

– Elgen er veldig glad i å ete salt på vegen og det fører til mange elgpåkøyringar, fortel Isak Halvorsen.

En elg kommer løpende inn i skibakken i Hafjell

SKIBAKKEN: Denne elgen kom springande gjennom skibakken i Hafjell før jul.

Kjartan Våge i politiet seier dei fleste ulukkene skjer når det er mørkt. Påkøyringane i Innlandet det siste døgnet har skjedd i Østerdalen, Nord-Gudbrandsdal og i Valdres. Han oppmodar folk til å vere ekstra forsiktige denne tida.

– Ein må bevege blikket og tilpasse farta etter forholda. Og det er i skumringa på ettermiddagen og i morgontimane at dei fleste påkøyringane skjer, seier Våge.

Flere saker fra Innlandet