Berre kongen og to familiar i Vågå har eigen losje i kyrkja

Det er 123 år sidan kyrkja forbaud private benkar. Framleis har to familiar eigen nøkkel, eiga dør og eigne losjeplassar. Forsøk på å nekte dei privilegiet har mislykkast.

Torlaug Lundh Aukrust låser seg inn i kyrkja med familiens private kyrkjenøkkel. Øvst i trappa er det ei ny dør med lås inn til familiebenken.

VIP-INNGANG: Torlaug Lundh Aukrust låser seg inn i kyrkja med familiens private kyrkjenøkkel. Øvst i trappa er det ei ny dør med lås inn til familiebenken.

Foto: Even Lusæter / NRK

Vi passerer hovudinngangen til den 900 år gamle kyrkja i Vågå. På langveggen kjem vi til ei ny dør. Det er VIP-inngangen.

Torlaug vrir nøkkelen om og døra opnar seg. Kyrkjenøkkelen er stor og tung, og på ei trebrikke er det inngravert familiens initialar.

– Vi tykkjer det er litt artig å ha denne nøkkelen, seier Torlaug. Det er eit historisk klenodium som høyrer familien til.

Kirkenøkkel med familiens initialar, eit handlaga skrin og Lundh sitt familiestempel.

Kyrkjenøkkel med familiens initialar, eit handlaga skrin og Lundh sitt familiestempel.

Foto: Even Lusæter / NRK

I 1898 kom ei lov som fjerna alle privateigde benkar i kyrkjene. Alle er like for Herren og kyrkja ville ikkje ha noko skilje på rik og fattig i kyrkjerommet. Men dette skjedde ikkje i Vågå.

Privat balkong

Øvst i trappa møter vi to nye dører med lås. Den fremste døra går til storgarden Håkenstad sin private benk, den bakarste tilhøyrer familien Lundh.

Ikkje berre er benkane privateigd, balkongane heng også høgt oppe på veggen, høgt over dei andre benkane i kyrkjerommet. Til og med presten på talarstolen må kneise i nakken for å sjå dit opp.

Dei to private stolane i Vågå kyrkje vart sett opp på 1600-talet. Framleis er nøkkelen til desse balkongane på private hender.

Dei to private stolane i Vågå kyrkje vart sett opp på 1600-talet. Framleis er nøkkelen til desse balkongane på private hender.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Då vi var små tykte vi ungane det var litt skummelt her oppe, fordi ein kom så nær krusifikset av Jesus på krossen, smiler Torlaug.

Presten ville sage dei ned

Rundt låsen på døra er det mange merke og sår som vitnar om den harde kampen for retten til dei private losjeplassane.

Tidlegare sokneprest Svein Raddum intervjua om dei private kyrkjestolane

«I Vågå har enno største garden privat kyrkjestol». Tidlegare sokneprest i Vågå kyrkje, Svein Raddum, intervjua om bråket rundt dei private kyrkjestolane i Vårt Land.

Foto: Vårt Land

Tidlegare sokneprest Svein Raddum uttala at han ville sage ned stolane med motorsag.

Lensmannen freista å beslaglegge nøkkelen, og tidlegare hamarbiskop Georg Hille uttrykte «forskrekkelse over at en slik ordning fremdeles eksisterte i vår kirke».

Men soknepresten starta aldri motorsaga, og lensmannen måtte i eigen person reise til Håkenstad og levere tilbake nøkkelen.

Ingen har lykkast med å endre dei gamle familieprivilegia, og framleis heng nøkkelen trygt over døra på storgarden Håkenstad i Vågå.

Benkane bør stå tomme

Dagens soknerådsleiar, Erik Lillebråten, seier benkane har vore eit betent tema i bygda.

– Om det blir tatt opp som tema, er det nok ein del som meiner dette er for gamledags og burde vore endra, men for soknerådet har ikkje benkane vore noko tema, seier Lillebråten.

Erik Lillebråten

Soknerådsleiar Erik Lillebråten seier at dei private kyrkjestolane ikkje er noko stort tema korkje for soknerådet eller kyrkjelyden, men han håpar at dei som eig benkane ikkje nyttar seg av retten til å bruke dei.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vi kan ikkje rive dei ut, og det kan ikkje eigarane heller. Dei er ein del av ei freda kyrkje, men eg håpar at benkane ikkje blir brukt, korkje av eigarane eller andre, seier Lillebråten.

Soknerådsleiaren er meir oppteken av det praktiske og seier det var viktig at kyrkja fekk kopi av nøkkelen så dei har full tilgang til benkane for å gjera vedlikehald og reinhald.

Fantastisk historie

Historikar Mette Vårdal seier at dei private balkongane ikkje handlar om forholdet mellom fattig og rik, men ein kamp mellom dei store.

Historiker Mette Vårdal ved inngangen til Håkenstadstolen i Vågå kyrkje

Historikar Mette Vårdal ved inngangen til Håkenstad- og Lundh-stolen i Vågå kyrkje.

Foto: Even Lusæter / NRK

Presteenka som bygde den fremste benken på 1600-talet hadde ikkje arvingar. Garden vart seld, og bonden som kjøpte han ville ha kyrkjestolen med på kjøpet.

– Det vart rabalder, for på den tida var det nærast ein revolusjon at ein bonde kunne sitja i ein kyrkjestol som hadde tilhøyrt ein embetsmann, seier Vårdal.

Det enda i ein rettsprosess og saka gjekk til København. Men det var bøndene som eigde kyrkja, og bøndene sjølve skulle avgjera saka.

Vedtaket vart at bonden på Håkenstad skulle få overta stolen.

Historikar Mette Vårdal utanfor Vågå kyrkje

Historikar Mette Vårdal skriv om dei private benkane i si doktoravhandling frå 2018.

Foto: Even Lusæter / NRK

Nokre tiår etter bygde sorenskrivaren ein stol ved sidan av, bak storbonden. Vårdal seier det var vanleg å markere standsforskjellar i kyrkja, men at dette er ei heilt unik historie.

– Det viser at det var nokre bønder som sette seg sjølv høgt og ikkje lét seg pille på nasen av embetsmennene, seier Vårdal.

Vart lite triveleg å sitja der

Familien som eig garden Håkenstad i dag seier at dei brukte stolen fram til sonen var døypt. Det var sist på 1970-talet. Men etter at sokneprest Raddum kom med sterke utsegn av denne skikken, vart det slutt.

Historiker Mette Vårdal, sokneprest Cynthia Slomp Renaa, og soknerådsleiar Erik Lillebråten i samtale om dei private kyrkjebenkane i Vågå kyrkje.

Historikar Mette Vårdal, sokneprest Cynthia Slomp Renaa, og soknerådsleiar Erik Lillebråten i samtale om dei private kyrkjebenkane i Vågå kyrkje.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det vart etter kvart ei belastning for oss å bruke han, seier Ola Håkenstad.

Håkenstad seier gardens folk har brukt stolen ved høgtidlege høve som barnedåp, jul og 17. mai.

Sokneprest Raddum såg på stolane og bruken som rest av det gamle klassesamfunnet. For familien Håkenstad er kyrkjestolane ein del av gards- og slektshistoria som dei ynskjer å ta vare på.

– Men eg trur dei sterkaste kjenslene rundt kyrkjestolen vart borte med generasjonen før meg, seier Ola Håkenstad.

Heller ikkje familien Lundh har brukt stolane dei siste tiåra. Og i dag ser dei på nøkkelen mest som eit historisk privilegium.

Men mor til Torlaug, Margrethe Lundh, var fleire gonger i Lundh-stolen då dei var i kyrkja.

– Eg kan ikkje hugse at det var nokon som stilte spørsmål ved at vi sat på benkane den gongen. Vi låste oss inn og sette oss, det var slik det var, seier Margrethe Lundh.

Ingrid Margrethe Lundh(90) og dottera Torlaug Lundh Aukrust syner fram sin private kyrkjenøkkel som har vore i familien i mange hundre år.

Torlaug Lundh Aukrust (t.v.) og mor Margrethe Lundh (t.h) er slektningar til krigsråd Andreas Molbech Lundh. Andreas overtok stolen etter sin svigerfar, sorenskrivar Mads Bjerregård, som fekk bygd den bakre stolen i kyrkja. Krigsråd Andreas Molbech Lundh vart også valt til Vågås første ordførar frå 1838.

Foto: Even Lusæter / NRK

Men Torlaug trur ikkje dei kjem til å bruke benkane i framtida.

– Nei, vi kjem nok ikkje til å sitja der oppe. Det trur eg vil kjennast rart ut nå i dag, seier Torlaug Lundh Aukrust.

Båe familiane ynskjer å behalde nøklane i privat eige og ta vare på dei som eit kulturminne som høyrer familiane til.

Ola Håkenstad seier til NRK at det i 1987 vart laga ei avtale mellom eigarane og stiftsdireksjonen i Hamar Bispedøme. Her skulle soknerådet i Vågå få kopi av nøklane og råderett over stolane. Til slutt i avtalen står det at:

«Dersom nokon frå familiane Håkenstad og Lundh vil nytte sine eigne nyklar til å låse seg inn i kyrkja når ho ikkje er ope og i bruk, må dei varsle kyrkjetenaren, klokkaren, eller soknepresten om dette»

Sjølv om ordninga med eigen losje i kyrkja er ein gammal skikk, skjer det mykje i kyrkja om dagen. Snart blir Elin historisk når ho får feire med en egen navneskifteseremoni:

Flere saker fra Innlandet