Hopp til innhold

Held sauene attende frå beite

GRAN (NRK): Kjetil Ulset skulle eigentleg ha dyra sine på utmarksbeite nå, men har valt å halde dei heime på grunn av ulven. Samtidig er fellingsløyve på ulv utvida til fredag.

Bonde: Sauebønder fortvilar etter ulvensherjingar.

FORTVILAR: Sauebonde og styremedlem i Gran sauebeitelag, Kjetil Ulset, meiner myndigheitane må fylgje opp.

Foto: Jorun Vang / Nrk

– Desse har vi på jordet nå, på grunn av ulven oppi her, seier sauebonde og styremedlem i Gran sauebeitelag, Kjetil Ulset, medan sauane rundt han nyt grønt gras.

Han anslår at det er rundt 2000 sauer ute på beite i området nå. Over 4000 fleire skal ut på beite. Dette skulle vore den store uttransporteringshelga, men med ulv i området vel fleire å vente.

I løpet av nokre dagar har ulv gått til angrep på sau i Gran Østås og Hurdal i Akershus. Det totale tapet er nå oppe i over 70 sauer.

Kan verte problematisk i forhold til fôr

På tilsyn søndag morgon fekk Ulset sjå ulvens herjingar.

– Det kan ikkje beskrivast. Det er ille uansett kven som står bak noko slik. Det er tragisk, seier han.

Sauebonden fortel at dei har nyleg fått melding frå Fylkesmannen om at dei får kompensasjon for å halde dyra heime, men ifylgje Ulset kan det by på problem:

– For dei store saueeigarane kan dette verte problematisk i forhold til fôr.

Utanfor ulvesona skal sauane ha fortrinnsrett

– Her det trygt, her er det ikkje noko ulv, kviskrar sauebonden til eit av kopplamma.

70 sau har måttet bøte med livet etter møte med ulv de siste dagene

70 sau har måtta bøte med livet etter møte med ulv dei siste dagane.

Foto: Jorun Vang / NRK

Nå meiner han myndigheitene må fylgje opp.

– Det er vedteke ulvesoner der rovdyra skal ha fortrinnsrett. Det betyr at utanfor den sona skal beitedyra ha fortrinnsrett. Det forventar eg vert fylgt opp, seier Ulset.

Utvidar fellingsløyva

Nå er fellingsløyva utvida til fredag. Søndag var rundt 60 personar på plass for å finne ulven, utan resultat. I sekstida måndag kveld, gjorde jaktlaget seg klare til å gå på post att.

– Vi ser på oppgåva som svært vanskeleg. Det er nåla i høystakken. Vi må berre vere ute og vere heldig, seier fellingsleiar Kjell Bakken.

Nå sitt mellom 10 og 20 stykk på post ved sauen på beite, i håp om at ulven kjem attende.

– Vi skal ha folk ute kvar dag så lenge vi har løyve. Vi er ein god gjeng og det er eg kjempeglad for, dette er ikkje noko einmannsshow, seier Bakken, som understrekar at dei vert fylgt opp av fellingsleiar på Hedmarken og at dei får god hjelp frå han.

Flere saker fra Innlandet