Hopp til innhold

Folkehøgskule meldt til politiet for lovbrot i nasjonalpark

Elevar ved idrett- og friluftslivslinja la ut video av at dei riv ned tre og brenn store bål i nasjonalparken. Skulen beklagar.

Ulovlig felt tre i Femundsmarka

HOGST: Etter å ha sett YouTube-video der elevar driv med ulovleg felling gjekk fjelloppsynet ut for å dokumentere skadane.

Foto: Fjelloppsyn, Martin Røsand

Nasjonalparkforvaltaren i Femundsmarka vart tipsa om videoane.

– Dei filma at dei hogde ned store tre fleire stader som dei etterpå brann på store bål. Det er forbode i ein nasjonalpark, seier nasjonalparkforvaltar for Femundsmarka, Kirsten Thyrum.

Folkehøgskulerektoren vart overraska då han fekk telefonen om det som hadde skjedd og at dei kom til å bli meldt til politiet.

Med øks og sag

Elevar på idrett- og friluftslivslinja ved Hedmarktoppen folkehøgskule er på tur i Femundsmarka nasjonalpark like etter skulestart kvar haust. På turane blir elevane delt opp i grupper der dei skal overnatte for seg sjølv, ifølge rektoren.

ulovleg hogst i femundsmarka

SKADD: Då fjelloppsynet gjekk ut for å sjå på skadane som vart gjort, fann ein denne stubben i nasjonalparken.

Foto: FJELLOPPSYN, MARTIN RØSAND

Det blir køyrt inn tømmer til nokre plassar i området som ein kan bruke til fyring. Men det er ikkje lov å verken felle eller skade tre der, fortel nasjonalparkforvaltaren.

– Dei hadde med seg øks og sag og underheld seg med å kaste øks på friske tre, fortel Kirsten Thyrum.

Rektor ved skulen, Geir Byberg, seier det stemmer at klassane har hatt med seg dette utstyret på tur. Men at det berre er for å bruke det på det tilkøyrde tømmeret.

– Eg håpar og trur at det er på grunn av manglande kunnskap at det er skjedd. Eg trur ikkje det er gjort i vond vilje, seier Byberg.

Verna skog

I nasjonalparkane er det ikkje lov å gjere noko som kan øydelegge verneverdiane. I Femundsmarka er det gamle, verna furutre.

– Dei er viktige fordi dei ikkje finst i vanlege skogar. Dei er viktige for hakkespettar, lav, sopp og insekt til dømes. Mange av dei raudlista artane finst i Femundsmarka og er knytt til dei gamle trea, seier Kirsten Thyrum.

Skjermdump frå youtube, ulovleg felling

ULOVLEG: I videoen elevane har lagt ut sjølv på YouTube ser ein korleis dei riv ned eit tre i nasjonalparken. Bilete er ein skjermdump frå videoklippet.

Foto: Skjermdump frå YouTube

Lovbrota ein ser i opptaka skjedde hausten 2019. Rektoren innrømmer at skulen ikkje har vore gode nok til å informere elevane om reglane.

– Dette er myndige menneske, men når vi tar med elevar inn i eit område som er eit naturreservat skal vi vere ekstra forsiktige og forklare reglane som gjeld i området. Det må vi bli flinkare til, seier Byberg.

Nasjonalparkforvaltaren, Kirsten Thyrum, synest det er altfor dårleg at noko slikt kan skje ved ei villmarkslinje. Spesielt sidan det også er forbode å hogge tre på annan manns grunn også utanfor verneområde, seier ho.

– Det er ekstra trist at ungdommar som går på folkehøgskule fordi dei har denne interessa blir lært opp til ulovlegheiter, seier ho.

infotavle i femundsmarka

INFOTAVLE: 30 slike infoplakatar er sett opp i nasjonalparkar i Noreg. Dette står ved grensa til Sverige.

Foto: Nasjonalparkforvalter Femundsmarka

Elevane var også på svensk jord, i eit naturreservat der. Også svenskane har meldt skulen.

Thyrum seier dei har 30 store infoplakatar ved inngangen til nasjonalparkane i Noreg. Men ho trur nok ikkje alle er klar over kva reglar som gjeld i desse områda likevel.

– Kanskje vi må finne andre måtar å informere på så det når ut til alle. Men som sagt så er det sett opp informasjon ved innfallsportar. Vi forventar at ei skuleklasse set seg inn i det, seier Thyrum.

Beklagar

Idrett- og villmarkslinja ved folkehøgskulen har vore på tur i haust igjen. Denne gongen har skulen forsikra seg om at ingen har med seg øks og sag på turen, seier rektoren.

– Så det er ikkje mogleg på same måte å gjere noko som ikkje er rett. Eg føler meg trygg på at læraren har vore enno nøyare med retningslinjene enn før, seier Geir Byberg.

Geir Byberg, rektor, Hedmarktoppen Folkehøgskule

BEKLAGAR: Rektoren ved Hedmarktoppen folkehøgskule, Geir Byberg, vart overraska over å finne ut at elevar hadde brote lova. Han beklagar det som har skjedd.

Foto: Hedmarktoppen Folkehøgskule

Han legg til at dei er veldig lei seg for det som er skjedd og vil passe på at ikkje liknande ting skjer i framtida.

– Vi skal gjere vårt for å kommunisere rett praksis til komande og tidlegare elevar, seier rektoren.

Nasjonalparkforvaltaren fortel at det ikkje er første gongen dei oppdagar at nokon har gjort slike ting som folkehøgskulen. Men at det ikkje er alltid ein finn ut kven som står bak øydeleggingane.

Thyrum håpar at å melde saka til politiet gjer at skulen tar skikkeleg ansvar. Og at fleire blir klar over reglane for nasjonalparkar.

– Om det blir oppdaga i felt så blir det meldt på staden av Statens naturoppsyn eller fjellstyret. Men desse er ute på seinhausten og det er ikkje så lett å komme over det, men her har dei filma det sjølv.

Politiet skal sjå på saka.

Flere saker fra Innlandet