Hopp til innhold

Stenger både skule og SFO ein dag i veka: – Det har store følger

I Hedalen i Sør-Aurdal held både skulen og SFO stengt kvar onsdag for borna i småskulen. Mødrer meiner det fører til gamle kjønnsrollemønster.

Cecilie Lykke Larsen fra Hedalen i Sør-Aurdal.

KRITISK: Cecilie Lykke Larsen er kritisk til at både SFO og skule er stengt ein dag i veka.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Cecilie Lykke Larsen og mannen flytta til Hedalen i Sør-Aurdal kommune i 2017. Dei gledde seg til å leve eit roleg liv i bygda lengst sør i Valdres.

Overraskinga var stor da borna skulle begynne på skulen. For kvar onsdag var fridag for 1., 2. og 3.-klassingane. Samtidig stengde SFO.

– Det er lagt opp til at ein av foreldra skal vere heime med born kvar onsdag, dersom ikkje ein slektning eller andre vener kan gjere det. Vi som er innflyttarar har ingen som kan stille opp for oss og må ta dagen fri.

Les også Vil heim til bygda, men skuleordninga stoppar dei

Andrea Abrahamsen og Eilev Øyjordet Rossehaug.

Få elevar ved skulen

Fleire kommunar i landet har fire dagars skuleveke for dei minste. Aller flest i Vestland, Agder og Innlandet.

Jon Kristian Sørmo er underdirektør i utdanningsseksjonen hos Statsforvaltaren i Innlandet. Han seier kommunane står fritt til å legge opp skuleveka slik kommunestyret vedtek, berre dei følger lova om å ha nok skuletimar gjennom veka og skuleåret.

Kommuner med fire dagars-veke

Fylke

2016

2020

Oslo

0

0

Innlandet

17

11

Viken

5

2

Vestfold og Telemark

9

4

Agder

10

8

Rogaland

3

1

Vestland

21

17

Møre og Romsdal

12

7

Trøndelag

17

15

Nordland

11

--

Troms og Finnmark

14

11

Ikkje alle kommuner har rapportert inn for 2020 enno. Kjelde: Stortingets utredningsseksjon.

Ekspander/minimer faktaboks

Hedalen er ei lita grend i Sør-Aurdal kommune, med under 80 elevar på heile skulen. Ifølge vedtektene for SFO i kommunen må minst 7 elevar melde seg på om det skal blir noko av tilbodet.

Og på skulen i Hedalen er det aldri så mange som meldte seg.

– Når det berre er 74 elevar på heile barne- og ungdomsskulen i Hedalen, og rundt 20 på dei tre trinna, er det eit høgt krav, seier Cecilie Lykke Larsen.

Ho meiner kommunen burde tilby folk SFO på onsdagar uansett. Ho seier dette får store følger for heile samfunnet.

– Det har store følger for heile samfunnet. Slik aukar både dei sosiale skilnadane og skiljet mellom dei som «er frå her», og oss som er innflyttarar, seier Cecilie Lykke Larsen.

Ho seier at grenda har marknadsført seg med bulyst. Lykke Larsen fryktar dette kan gjere at færre vil flytte til bygda.

– Eg trur mange barnefamiliar frå større stader vil vere meir i tvil om å flytte hit om kommunen held fram med den ordninga vi har i dag, seier ho.

Les også Vil ha makspris på mat i barnehagene

Mye læring i å lage maten selv. Oliver og Jonas kan å håndtere kniven

– Sementerer gamle roller

Cecilie Lykke Larsen meiner også at denne ordninga fører til eit gamaldags kjønnsrollemønster.

– Det er ofte slik at kvinnene blir heime på onsdagar då. Det blir ein del ufrivillig deltid, som gjer at damene får mindre pensjon til slutt.

Ho får støtte av ei anna mor i Hedalen, Benedicte Fossholm. Ho er også hovudtillitsvald for sjukepleiarane i Sør-Aurdal og seier ho har tatt opp saka med leiinga i kommune ved fleire høve.

– Ordninga sementerer gamle kjønnsroller. Folk blir tvinga til å jobbe deltid eller dei må ta ulempevakter kvar onsdag for å få kvardagen til å henge saman. Og dersom du har fleire born risikerer du deltid i mange år med det fører til at tap av pensjonspoeng.

Benedicte Fossholm er busett i Hedalen og hovudverneombod for sjukepleiarforbundet i Sør-Aurdal.

STØTTAR: Benedicte Fossholm er hovudtillitsvald for sjukepleiarforbundet i Sør-Aurdal. Ho seier at ordninga med fire dagars skule både sementerer gamle kjønnsroller og deltidsstillingar i yrke der det arbeider flest kvinner.

Foto: Privat

Sjølv om mange arbeidsgjevarar i kommunen er klar over ordninga og veit at småbarnsforeldre gjerne må ha fri onsdagar, er Fossholm kritisk til dette.

– Vi i Sjukepleierforbundet ønskjer fleire heile stillingar, seier Benedicte Fossholm.

Les også – Kjemp for å beholde firedagers skoleuke

Skolebarn

Vil sjå på endring

Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Sør-Aurdal, Inger Randi Islandsmoen Kleven, forstår at foreldre kan synest det blir vanskelege å få veka til å gå opp.

Inger Randi Islandsmoen Kleven, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Sør-Aurdal

KOSTAR PENGAR: Kommunalsjef Inger Randi Islandsmoen Kleven seier at SFO på onsdagar blir eit økonomisk spørsmål.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

– Men det er i hovudsak økonomien som styrer at SFO er stengt. Det blir dyrt å ha open SFO for få ungar.

Ordførar Marit Hougsrud (Sp) i Sør-Aurdal meiner mange er veldig glad i onsdagen. Ho har sjølv hatt onsdagsfri i fleire år, med fire born.

– Men vi ser at samfunnet er i endring, og tida er nok mogen for at vi bør sjå grundig på ordninga.

Ho seier dei nå først skal sjå på vedtektene for SFO, deretter greie ut om borna i småskulen i kommunen skal gå 5 dagar, som er det vanlege for dei aller fleste småskuleborn i Noreg.

Marit Hougsrud, Ordfører i Sør-Aurdal

SER PÅ ENDRING: Ordførar Marit Hougsrud (Sp) i Sør-Aurdal seier dei nå skal greie ut både SFO og fire dagars skuleveke for dei minste.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Flere saker fra Innlandet