Hopp til innhold

Skal gå 643 km for vern av den norske skogen

RINGSAKER (NRK): Stortinget har gått inn for å verna 10 prosent av den norske skogen, men er langt unna målet. I protest går skogbiolog Trude Myre og hunden Coco pilegrimsleia frå Oslo til Trondheim.

Trude Myhre går for skogen

PÅ LANGTUR: Trude Myhre og trøffelhunden Coco går pilgrimsleia for å setje søkelys på skogvern i Noreg før stortingsvalet i haust.

Foto: Stein Schinstad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Trude Myhre og trøffelhunden Coco har kome til Ringsaker, mykje av pilegrimsleia ligg framleis framfor dei. Målet med turen er å setja skogvern på dagsorden.

Coco går pilgrimsleden

FYLGESVEN: Trøffelhunden Coco fylgjar matmor Trude Myhre trufast på veg til Trondheim.

Foto: Stein Schinstad / NRK

– Eg går for å finne ut kva parti som lover å leggja mest pengar på bordet, seier Trude Myhre, som er skogsbiolog og rådgjevar for naturmangfald i Verdens naturfond (WWF).

Ho er ikkje imponert over veringa av skogane her til lands.

– Når vi skriv kontrakt med fattige regnskogland forpliktar dei seg til å verna 20 prosent av sin skog for å få pengar av Noreg. Da burde Noreg i alle fall klare å verne ti prosent av vår eigen skog.

Vil løyve ein milliard

Det er usemje om kor stor del av Noreg sine skogar som er verna. Ifylgje Landsskogtakseringens data er 4 prosent av skogarealet i Norge verna. Miljødirektoratet opererer med at 6,4 prosent verna.

I fjor vedtok alle parti unntatt Senterpartiet eit mål om å verna 10 prosent av skogsarealet, både «både offentleg eid skog og frivillig vern av privateid skog».

Miljøpartiet dei Grøne har programfesta at ti prosent av den norske skogen skal vernast.

– Vi vil løyve ein milliard for å klare det. Skal vi klare å nå 10 prosent, som òg Stortinget har gått inn for, må vi løyve pengane for å nå det målet, seier listetopp hjå MDG Oppland, Ingvild Kessel.

Ingvild Kessel

VIL BETALE: Ingvild Kessel meiner det treng ein milliard kronar for å verna 10 prosent av den norske skogen.

Foto: Signe Karin Hotvedt / NRK

Ho meiner det er synd at ikkje meir av den norske skogen er verna.

– Det er nesten 2500 rødlista artar i Noreg, det er ei katastrofe, og nesten halvparten av alle dyra som har vore på jorda er nå er borte.

Vil ikkje setje eit prosenttal på vern

Partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum seier at det ikkje er noko mål å få opp prosenten av verna skog.

– Eg meiner det prosenttalet er feil måte å tenkje på. Vi må verne ting som reelt sett har ein verneverdi. Det viktigaste er ein langsiktig klok forvalting, å skape arbeidsplassar og samtidig ta vare på naturen vår, seier han.

Skogeigarane er heller ikkje overbevist om at meir vern er riktig veg å gå.

– Ti prosent er veldig høgt, vi snakkar om ein milliard kroner, det er mykje pengar. Å tvinge fram ein ti prosent vil sette skogeigarane i baksete, seier regionsjef i Mjøsen Skog, Jan Gaute Lie.

Flere saker fra Innlandet