Hopp til innhold

Mystisk hårfunn på friarloft

VÅGÅ/LOM (NRK): Teorien er at gutane tok kjønnshår frå jenter og plugga dei inn i veggen. Tysk forskar vil løyse gåta.

Svenja Dalacker undersøker eit stabbur i Lom

HÅR: Mellomalderarkeolog Svenja Dalacker viser fram ein plugg ho har funne i veggen med ein tydeleg hårtust stikkande ut. Den siste tida har ho reist rundt til gamle hus på Austlandet og gjort interessante funn.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ved inngangsdøra til eit over 400 år gamal jomfruloft i Gudbrandsdalen er eit hundretals trepluggar festa i veggen. Naglane er store som blyantspissar.

– Det er fanken meg hår bak mange av desse pluggane, så då må det vel bety noko, seier Kai Valbjør som er tidlegare eigar av garden Valbjør.

– Om det er kjønnshår eller noko anna, det skal ikkje eg uttale meg om. Dei er tydelegvis sett inn med hensikt, seier han.

Historikarar trudde desse naglane var eit lokalt fenomen, men no tyder mykje på at det er meir utbreidd.

Treplugg i veggen

ARBEIDD MED: – Pluggane er tydelegvis arbeidd med og forma til formålet, seier Kai Valbjør om naglane som er same storleik som ein blyantspiss.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ikkje berre i Noreg

Ordet om naglane har spreidd seg. Ein britisk historikar fortalde den tyske mellomalderarkeologen Svenja Dalacker om at det same fenomenet var observert i Lom, som er nabokommune med Vågå. Ho kontakta Gudbrandsdalsmusea.

Plugg i veggen

MYSTISK: Eit hundretals slike pluggar i veggen har vore eit mysterium.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Eg ville hit for å studere det her, for å sjå om det er det same som me har i sveitsiske hus, og det er det, seier Dalacker.

Gjennom arbeidet med doktorgraden sin har ho gjort liknande funn både i England og Sveits, men då er det helst med trenaglar. Funnet i dag er spesielt.

– Dette er første gong eg finn hår som er festa i veggen med ein metall-nagle. Metall skulle halde vonde krefter vekke, så dette er heilt spesielt, seier ho.

Eit slags frieri?

Kai Valbjør har ikkje undersøkt kva type hår som er bak pluggane i veggen, men håpar forskarane skal finne svar.

– Tru, overtru, eit eller anna slik mystisk er det, seier han.

Kai Valbjør ser på plugg i veggen

UNDRAR: Kai Valbjør lurer på kva historia bak pluggane er.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han fortel at historikar Erland Grev knytte trepluggane opp mot frieri.

– Soga hans var at viss ein gut ville ha ei jente, så skulle han få tak i kjønnshår frå den jenta. Ein skulle legge det inn i sprekken, og sette inn ein plugg for å stenge det att. Då skulle jenta bli hans, seier Valbjør.

– Ein kan godt tenke seg at eit kjærastepar har vore og kosa seg litt, og fridd til kvarandre.

For å halde det vonde vekke?

Dalacker har vore både hjå Norsk Folkemuseum og på Vinstra for å undersøke trepluggar i hus.

Den store garden Valbjør i Gudbrandsdalen

JOMFRULOFT: I jomfruloftet på garden Valbjør i Gudbrandsdalen er det funne naglar som truleg er sett inn i veggen av rein overtru.

Foto: Kai Valbjør / privat

På loftet i Lom er det truleg hestehår som stikk ut frå metallpluggen, men Dalacker seier det er funne både edderkoppar på små glas, planterestar, kol, og bibeltekster bak naglar.

– I eit norsk hus fann dei ein død slange, seier ho.

Hår i veggen i lafta hus. Svenja studerer det med lommelykt.

HÅR: Hår frå veggen kunne symbolisere halen til djevelen, seier Dalacker.

Foto: Even Lusæter / NRK

Dalacker meiner fenomenet med å nagle noko fast i veggen er ei form for overtru, som kan ha vore praktisert lenge før kristen tid. Ho seier det i nokre skriftlege historiske kjelder er nemnt at spøkelse kunne sette seg i hòl.

– Kapusinar-munkane laga hòl for å få det vonde inn der, saman med eit velsigna objekt som til dømes papir med byrjinga av Johannes-evangeliet. Så putta dei inn ein trenagle for halde det vonde der, seier Dalacker.

– Håret blir tolka som djevelen sin hale. Når du kan sjå djevelen bak naglen er alt trygt.

Jørgen Hagen og Svenja Dalacker

YNSKJER TIPS: Jørgen Hagen i Gudbrandsdalsmusea ønskjer no å komme i kontakt med folk som kan ha liknande pluggar i veggane på gamle gardstun. – Dersom nokon har noko, mykje eller lite, så sei ifrå, seier Hagen. 

Foto: Even Lusæter / NRK

Kva type hår som skjuler seg bak trepluggane på friarloftet i Vågå er framleis usikkert.

– Eg har ikkje testa ut teorien med kjønnshår i veggen, men eg vart gift likevel, seier Kai Valbjør og ler.

Gudbrandsdalsmusea ynskjer å forske vidare på fenomenet, og håpar publikum tipsar dersom dei finn store eller små pluggar i tømmerveggen.

Kjønnshår i veggen blir kødda med i Nytt på Nytt.

Kjønnshår i veggen blir tulla med i Nytt på Nytt.

Flere saker fra Innlandet