Hopp til innhold

Brumunddal sjokkerte "storebror"

HamKam gjekk på eit skikkeleg prestisjenederlag da dei tapte 2-1 heime mot naboklubben Brumunddal sundag.

Briskeby gressbane.

Det har vore lite å jubla for på Briskeby dei siste tre åra. HamKam står nå med to tap og ein siger i si andredivisjonsavdeling.

Foto: Knut Sveen / NRK

HamKam har rykt ned to gonger på to år, og har mista mange av sine største stjerner etter at dei før årets sesong måtte ta den tunge turen ned i andredivisjon.

Dei fleste har likevel halde dei som store favorittar til å rykkje opp att, men seriestarten har vore alt anna enn heldig.

Det heile toppa seg med 1-2 tap heime mot lillebror Brumunddal sundag.

Ni gule kort

Det vart ei tett og tøff batalje dei over 4500 tilskodarane fekk servert i vårsola på Briskeby. Ifølgje Hamar Arbeiderblad vart det gjeve ut heile ni gule og eit raudt kort.

Aleksander Megalvis gav bortelaget leiinga midtvegs i fyrste omgang da han stussa inn eit langt innkast.

HamKam pressa på for utlikning, men Brumunddal kontra inn 0-2 ved Andreas Løseth Johansen.

Pål Ekeberg Schjerve reduserte for HamKam nokre minutt før slutt, men storfavorittane klarte aldri å utlikne Brumunddal si leiing.

Sjå alle resultata og tabellen i 2. divisjon avdeling 4.

Flere saker fra Innlandet