Det blir nytt slakteri i Gudbrandsdalen: Jubel for 70 nye arbeidsplassar

OTTA (NRK): Etter at Nortura forlét Otta og Gudbrandsdalen har debatten om eit privat slakteri splitta landbruket. I dag vart saka avgjord.

Ketil Eide

JUBEL: Kjetil Eide rekker hånda i været for nytt slakteri på Otta. Eide var sentral i foreningen «Kua mi får dere aldri», som ble startet for å jobbe for å bevare slakteriet til Nortura på Otta. Det endte med et privat-eid alternativ.

Foto: Even Lusæter / NRK

To av tungvektarane i kjøttbransjen, Jæder og Fatland, går inn med minst 60 millionar i Gudbrandsdal Slakteri AS, og sikrar dermed at det blir eit nytt slakteri på Otta.

– Hipp hurra! I dag har me lov til å vere kjempeglade, seier styreleiar i Gudbrandsdal slakteri AS, og gardbrukar i Heidal, Terje Jonny Sveen.

Fenalår hos Fatland og Terje Wester

TYDELEG IDENTITET: – Me ser fram til å skape mange nye arbeidsplassar, og gi regionen ein tydeleg identitet som kvalitetsleverandør av gode kjøttvarer, seier konsernsjef i Fatland, Terje Wester.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Det enorme engasjementet i regionen, og at det nye slakteriet blir plassert midt i Austlandet sitt spiskammer, har vore avgjerande for valet vårt, seier Terje Wester som er konsernsjef i Fatland.

Det var i desember 2019 at Nortura vedtok å legge ned det einaste slakteriet i Gudbrandsdalen. Enorme demonstrasjonar nådde ikkje fram, og tilsette grein då dei fekk beskjeden. 78 menneske mista arbeidsplassen.

Sidan den gong har fleire drøymt om eit nytt slakteri i dalen.

Positiv til nytt slakteri

– Det handlar om stoltheit og det produktet me produserer, seier Therese Rudi.

Ho er sauebonde og skal ta over garden etter foreldra. Ho er særs positiv til det nye slakteriet.

– Eg meiner me har ei fantastisk merkevare som me må bli flinkare til å marknadsføre.

Ho peikar utover landskapet.

– Sjå på alt dette. Alt dette du ser her, må innom eit meieri, eit slakteri eller sagbruk for å bli foredla. Kvifor må me gå utanom distriktet for å få til det?

Therese Rudi

URSAU: Therese Rudi i Ringebu satsar på ein eldre sauerase som kallast ursau. Ho sel både kjøtet og skinnet på lokale utsalsstader via REKO-ringen. Rudi er styremedlem i det nye Gudbransdal slakteri.

Foto: Even Lusæter / NRK

Sjølv om ho er positiv til eit nytt privat slakteri er det ulike meiningar om det er rett veg å gå. Det bryt nemleg med ein årelang tradisjon: Samvirket.

Eit fleirtal er positive til privat slakteri

Eit fleirtal av kjøttprodusentane i Gudbrandsdalen har sagt dei vil støtte eit privat tiltak. Det kjem fram i ei spørjeundersøking prosjektleiarane har gjort.

Men bondelaget er skeptiske.

Elisabeth Gjems

FOR ALLE: Leiar Elisabeth Gjems i Innlandet Bondelag understrekar at bondelaget er ein organisasjon for alle bønder, uansett kvar dei leverer varene sine.

Foto: Anne Næsheim / NRK

Leiar Elisabeth Gjems i Innlandet Bondelag seier bondelaget er urolege for at eit nytt privat slakteri i Gudbrandsdalen vil svekke slakterisamvirket Nortura.

– Det vil vere ei ulempe for alle bønder, uansett kvar dei leverer varene sine, seier Gjems.

Eit privat slakteri kan nemleg føre til at bønder melder seg ut av Nortura, og at slakteriet på Rudshøgda i Ringsaker mistar leverandørar. Det kan få følgjer.

Sjølv om mange no jublar for det nye slakteriet ivrar Bonde Marit Sletten i Lom sterkt for framleis samvirke.

– Eg meiner at dei store matvarekjedene har for stor makt, og at me kjem til å bli ein del av dette viss me forlèt samvirket, seier Sletten.

Marit Sletten

VIL PÅVERKE: Bonde Marit Sletten i Lom vil heller påverke samvirket Nortura innanfrå enn å melde seg ut. – Eg var opphavleg for ei privat løysing, men har skifta meining. Eg er ikkje einig i at samvirket har vendt oss ryggen, sjølv om slakteriverksemda er sentralisert, seier ho.

Foto: Even Lusæter / NRK

Meiner samvirket har svikta

Landbruksforskar Bjørn Egil Flø ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) seier at landbrukssamvirket historisk har stått sterkt blant norske bønder, men at det i lengre tid har vore slik at mange bønder opplever at dei blir sett til sides av samvirket.

Bjørn Egil Flø

FORSKAR: Bjørn Egil Flø er landbruksforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Foto: Henning Gulli / Henning Gulli/NRK

– Det er nok ei tillitssvikt, men også ein skuffelse. Landbruket er svært pressa på mange sektorar, og når ein då i tillegg ser at deira eige samvirke snur dei ryggen, så opplever dei at dei blir svikta, seier Flø.

Han trur at ein i Noreg vil sjå framvekst av nye og små samvirke, men at private aktørar ikkje nødvendigvis klarer å tilby det bønder saknar med landbrukssamvirket no.

Mange arbeidsplassar

Det var mykje som måtte på plass for å få til eit nytt slakteri. I tillegg til at Jæder og Fatland stiller med kapital, stiller Sel kommune med tomt.

Både Sel og Vågå kommune går òg inn som aksjonær i eigedomsselskapet.

– Det blir mellom 60 til 80 arbeidsplassar ved slakteriet i første omgang, seier Sveen.

Han fortel at byggestart etter planen vil bli til sommaren.