Hopp til innhold

Dette kameraet avslører kvar varmen lekker ut: – Kan redusere straumutgiftene

Christoffer Bjørnson går på jakt etter straumlekkasjar i sitt eige hus. Eit varmesøkjande kamera hjelper han å finne ut akkurat kvar det trengst betre isolasjon.

Varmesøkende kamera.

DÅRLEG ISOLERT: Christoffer Bjørnson på Tretten i Gudbrandsdalen slår fast at det trekker nokre stader i huset.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Straumprisane slår stadig nye rekordar, og det ser ikkje ut til at prisen vil gå mykje ned med det første.

Denne veka var straumprisen i sør-Noreg den høgste så langt i år. I vinter må truleg ein vanleg norsk husstand betale over dobbelt så mykje for straumen som sist vinter.

Ein ting huseigarar kan gjere for å spare straum, er å sørge for at det ikkje lek varme ut gjennom vindauge, dører og loft.

Det kan ein oppdage ved å ta bilete med termiske kamera.

Varmesøkende kamera.

ENKELT: Ein «dings» festa til mobilen er eit termisk, varmesøkjande kamera som viser kvar huset er tett og kvar det lekk ut varme.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Leiger ut kamera

Christoffer Bjørnson bur i eit hus som nyleg er pussa opp.

Likevel lyser det blått frå kamera her og der. Det betyr at det lek inn kald luft. Viser kameraet berre raude fargar er det varmt og alt er i orden.

– Det er litt varmetap rundt dører og i taket, så her trengst noko etterisolering, seier Christoffer.

Kameraet har Christoffer lånt av Straumleverandøren sin, Gudbrandsdal Energi (GE). Dei har kjøpt inn termiske kamera som dei låner ut til kundane sine.

– Først kjøpte vi 60 kamera, men nå har vi bestilt 70 til. Dette har slått veldig an, seier administrerande direktør i GE, Marius Sveipe.

Kundane bestiller kameraet på nett og får det tilsendt. Kameraet er berre ein liten «dings» som du fester på mobiltelefonen

– Eigentleg veldig enkelt, seier Christoffer.

Marius Sveipe, Administrerende direkte i GE

HJELPE: Marius Sveipe er direktør i Gudbrandsdal Energi som leiger ut varmesøkjande kamera til sine kundar.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Sjølv om straumprisen akkurat no er høg, seier Marius Sveipe at målet likevel er å hjelpe folk til å reduserer straumutgiftene.

– Nokre kan redusere straumutgiftene med 30 prosent, der kan vi gje råd, seier han.

Sveipe meiner dei over tid tener på å bygge eit godt tilhøve til kundane i sin region.

Varmekamera

IDENTIFISERER LEKKASJE: No kan ny teknologi hjelpe straumkundar til å redusere varmetap i bustadane sine. Christoffer på Tretten er på jakt etter stader i huset der dyrebar varme kan forsvinne ut.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Litt for seint

Tor Reier Lilleholt er analysesjef i Volue Insight. Dei analyserer den europeiske kraftmarknaden og ser på kva som kan påverke straumprisane.

Han er skeptisk til kor nyttig det er å undersøke huset med termisk kamera nå når vinteren står for døra.

– Det er nok først og fremst ei investering for framtidige vintrar. For dei fleste er det for seint å gjere endringane denne vinteren. Det kan også gjere vondt verre, meiner han.

Om ein skal begynne å opne vegger for å få til dette så kan det bli enno høgare varmetap, seier han.

– Generelt bør alle tenke over kva ein brukar kraft til. Det er varmtvatn, oppvarming og til ein viss grad belysning. Det er noko ein bør tenke på heile året, seier Lilleholt.

  • Med eit stramt budsjett er student Kathrine og romkameraten opptekne av å spare på straumen. Allereie i september begynte dei å bruke superundertøy.

Håp om mild vinter

Straumprisen varierer ut ifrå kor du bur i landet.

Sør-Noreg har betydeleg høgare pris enn nord for Dovre.

Årsaka til dei høge straumprisane i Sør-Noreg er samansett.

Ein tørr sommar og haust har gjeve lite vatn i vasskraftmagasina. I tillegg er vi kopla til ein europeisk marknad der det er svært høge gass og kolprisar, I tillegg til ei høg CO₂-avgift.

Medan folk nord for Dovre nyt godt av meir vatn i kraftmagasina og faktisk billegare vindkraft frå Sverige, der det har blåse mykje i haust.

Tor Reier Lilleholt meiner det som verkeleg kan påverke straumprisane no, er ein mild vinter.

For det første bruker vi mindre til oppvarming. For det andre vil ein mild og snørik vinter gje vatn i magasina til våren.

  • For å bøte på høge straumprisar reduserer regjeringa elavgifta tilsvarande 2,9 milliardar kroner.

Flere saker fra Innlandet