Gratis taxi på valdagen i Raufoss

Raufoss Taxi tilbyr gratis skyss til vallokalet på valdagen, skriv Toten i dag. Dagleg leiar i Raufoss Taxi, Marlon Sveum, seier til avisa at dei ynskjer å gjere prosessen enklare for dei som treng hjelp med å komme seg til sitt nærmaste vallokale.