Det er informasjonssjef i 6. divisjon i Hæren, Stein Gunnar Bondevik som opplyser dette.
Hemmeleg
Over 120 våpen vart stole frå våpenlageret på Jørstadmoen natt til 26. august.
Informasjonen i rapporten er hemmeleg, men delar av han blir truleg offentleggjort i slutten av veka.
Bondevik seier rapporten blir ferdig enten i dag eller i morgon. Deretter blir han lagt fram for forsvarsleiinga.
Offentleg blir nok ikkje heile rapporten, men hovudkonklusjonen får vi truleg vite meir om i slutten av veka.
Sjekka ut
Mannen i 60-åra som var observert med kikkert eller fotoapparat i nærleiken av militærleiren laurdag 14. august, har politiet nå sjekka ut av saka.