Ser du kva som er bilveg og skiløype her?

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom veg og skiløype. Og det blir ikkje enklare når GPS-ar sender bilistar rett ut i skiløypa.

Ser du forskjellen? Bilveg til venstre og skiløype til høgre.

BILVEG ELLER SKILØYPE?: I fleire fjell- og hytteområde går skiløyper og bilvegar om kvarandre, noko som skapar forvirring for både GPS-ar og sjåførar. Harald Andris Hamre har fotografert likskapen mellom skiløypa og bilvegen her frå Krististølshøgde i Vestre Slidre.

Foto: Harald A Hamre / Privat

– Her er det fort gjort å ikkje oppdage at du har køyrt feil før det er for seint, seier Harald Andris Hamre.

Han har tatt biletet øvst i artikkelen og illustrert likskapen mellom bilveg og skiløype.

Hamre er godt kjent i fjella i Vestre Slidre og i Valdres, men sjølv han innrømmer at her er det vanskeleg å sjå kor ein skal køyre.

– Eg trur ikkje GPS-en vil vere til hjelp her. Er du ikkje kjend i området, kan det vere vanskeleg å sjå kva som er bilveg og kva som er skiløype.

Og endå vanskelegare blir det, når GPS-en viser at begge alternativa er bilvegar.

SKILØYPE: Den blå markeringa viser kor det er skiløype på vinteren. Her på Syndin i Vestre Slidre, er det vanlegvis bilveg om sommaren ved den blå merkinga.

For i fleire fjell- og hytteområde i Noreg blir vegar som er opne for biltrafikk om sommaren, gjort om til skiløyper om vinteren.

Og har du ikkje oppdatert GPS-en din, kan du risikere å bli leia rett ut i skiløypa.

Enda i skiløypa

Førre helg var ein bilist uheldig og hamna i skiløypa i Valdres. Ifølgje kjelder NRK har snakka med følgde sjåføren GPS-en slavisk, og hamna 3–4 billengder ut i skiløypa.

Der bilisten køyrde ut, er det veg om sommaren, men skiløype på vinteren. Det er truleg årsaka til at GPS-en viste at det var mogleg å køyre der.

– Det er fort gjort å hamne i skiløypa om ein ikkje er kjend her, og iallfall om stoler blindt på GPS-en, seier Eivind Ildjarnstad som måtte trå til og berge den uheldige bilisten.

Advarsel om å ikkje køyre etter GPS-en

ÅTVARING: På Facebook vart hendinga lagt ut til skrekk og åtvaring for trafikantar i fjellet.

Foto: Skjermdump frå Facebook

NRK har vore i kontakt med bilisten, men han ynskjer ikkje å bli intervjua om hendinga.

Skjer kvart år

Sjur Jensen Bay

PROBLEMATISK: Sjur Jensen Bay, pressekontakt i Viking Redningsteneste, seier at GPS-ar kan vere ein av årsakene til at bilistar hamnar i skiløypa.

Foto: Viking

Viking Redningsteneste får meldingar om bilar som har hamna i skiløypa kvart år, fortel Sjur Jensen Bay som er pressekontakt i Viking Redningsteneste

– GPS har blitt nemnt som ein årsak, men det er uvisst om det er sjølve navigasjonen eller berre kartet som viser at det er ein veg der.

Også Ole Magnus Grønli i Kartverket har fått meldingar om at bilistar har følgt GPS-en inn i skiløypa.

Han seier dei oppdaterer karta til ein kvar tid, men det hjelp lite om privatpersonar og andre aktørar som brukar karta ikkje gjer det.

– Mange køyrer rundt med gamle kart. Å oppdatere karta ein har på GPS-en i bilen, er noko ein aktivt må gjere sjølv i dei aller fleste bilar.

For medan GPS-ar blir oppdaterte automatisk i fleire av dei nyaste bilane, må ofte ei minnebrikke eller ein CD-plate til for å oppdatere navigasjonen i eldre bilar.

Kan ikkje stole blindt på GPS-en

Ole Magnus Grønli

KAN VERE FEIL: Ole Magnus Grønli, fagdirektør i Kartverket, tør ikkje seie at ein kan stole fullt og heilt på GPS-en. Kartverket har alltid oppdaterte data, men om GPS-ane er oppdaterte er opp til aktørane, meg og deg.

Foto: Morten Brun / Kartverket

Grønli oppmodar folk til å ikkje stole fullt på GPS-en.

– Data frå Kartverket kan ein stole på, så lenge dei er oppdatert i dei einingane kor dei blir brukt. Men å si at ein kan stole fullt og heilt på GPS-en kan eg ikkje gjere.

– Køyrer du ein bil som ikkje har oppdaterte kart, så kan du sjølvsagt ikkje stole på GPS-en.

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom veg og skiløype. Og det blir ikkje enklare når GPS-ar sender bilistar rett ut i skiløypa.

KART: Kartet viser at det er bilveg der, medan kartet frå skisporet.no som gradvis kjem fram, viser at det er skiløype.

Google maps/Skisporet.no

Oppmodar folk til å seie frå

Google leverer ein av dei mest brukte navigasjonsappane, Maps.

Andrea Lewis Åkerman, fungerande kommunikasjonssjef i Google Noreg, seier det kan vere feil i vegforklaringane, men at dei jobbar for å tilby dei beste forklaringane.

– Likevel så kan uriktige data eller andre feil nokre gonger resultere i dårlege vegforklaringar.

Ho ber folk som ser feil i kartet om å seie frå til Google.

– Når vi ser feil, jobbar vi med å løyse dei så raskt vi kan.