Fleire Canal Digital-kunder på Lillehammer sette kaffen i vrangstrupen da dei skulle sjå Barack Obama lande på Gardermoen i dag.
TV-signala forsvann, og hundrevis av Canal Digital-kunder vart sitjande att med svart skjerm. Det var bebuarar ved fire bydelar i Lillehammer som miste tv-sendinga.
- Planlagt arbeid
Steinar Åmot mista tv-signalet like før Obama skulle lande på Gardermoen.
Foto: Reidar Kjæstad / NRKInformasjonsdirektør i Canal Digital, Jørgen Thaule, seier at dette var eit planlagt vedlikehaldsarbeid som dei måtte gjennomføre i dag.
- Det er klart at vi prøver å unngå at slikt arbeid skjer på dagar der mange ser på tv. Vi fekk gjort det slik at alle kan sjå på Obama så mykje dei vil utover dagen.
- Var dette god planlegging?
– Det var nødvendig planlegging. Det er ein historisk dag, og folk på Lillehammer får sett 22 av dei 24 timane. At dei mistar to av timane er sjølvsagt synd, seier Thaule.
– Veldig dumt
Kommunikasjonsdirektør Sigurd Sandvin i NRK tykkjer ikkje Canal Digital sitt vedlikehald var godt planlagt.
- Av alle dagar i løpet av dette året og kanskje dette tiåret er dette den uheldigaste dagen det kunne skje på. Vi opplever det som veldig dumt at dei gjer dette i dag.
Han fortel at NRK brukar mykje ekstra ressursar for å dekkje fredsprisutdelinga, og at det er synd dersom ikkje alle får høve til å sjå det. Dei vil nå ta kontakt med Canal Digital for å høyre kva som var bakgrunnen for deira vedlikehaldsarbeid.
Steinar Åmot på Lillehammer fekk med seg det viktigaste frå Obama-besøket etter at han kom på jobb, men er ikkje tilfreds med måten hans tv-leverandør har oppført seg på.
- Vi tykkjer at dette er ei såpass viktig hending at det hadde vore greit å hatt signal denne dagen.
Da han kom på jobb fekk Steinar Åmot endeleg sjå kva som skjedde under fredsprisutdelinga.
Foto: Reidar Kjæstad / NRK