Hopp til innhold

Viltpåkøyrslar har auka i tusental: Her har dei funne ei løysing

Viltnemnda måtte rykkje ut gong på gong for å fjerne dyr frå motorvegen. Men no har dei funne ei løysing som kan bli aktuell fleire stader i landet.

Leder i viltnemnda John Terje Johansen sitter ved feristen i Stange

NYTTIG: Leiar i viltnemnda John Terje Johansen seier at den store ferista har fungert overraskande bra.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Dei siste åra har talet på dyr som blir påkøyrd av motorkøyretøy auka kraftig.

Berre i fjor vart over 13.000 elg og rådyr meldt inn som påkøyrt av anten bil eller tog, viser tal frå Hjorteviltregisteret.

I gjennomsnitt vart 35 dyr påkøyrde kvar einaste dag.

På E6 i Stange har viltnemnda måtte rykkje ut gong på gong for å fjerne eller avlive dyr som hadde forvilla seg ut i vegen.

Men for vel eitt år sidan vart det gjort grep. Og det har vist seg å fungere.

No kan det bli aktuelt å prøve det same fleire stader.

Påkjørt elg

PÅKØYRD: Talet på dyr som blir påkøyrd i trafikken aukar kvart år.

Foto: Jørn Harald Sørlie

Stort behov for tiltak

– Det er klart det er godt å sleppe alle utrykkingane, seier leiar i viltnemnda, John Terje Johansen.

På strekninga på E6 i Stange fekk viltnemnda omtrent 25 meldingar om dyr innanfor viltgjerdet i løpet av ein sesong.

Men for vel eitt år sidan vart ei ferist på 4x12 meter sett opp. Sidan har berre eitt dyr gått ut i vegen.

Det var stort behov for tiltak på strekninga, for å unngå at desse dyra skulle bli påkøyrd.

– Det seier seg sjølv kva som kan skje når folk kjem i 110 kilometer i timen, og plutseleg hoppar det noko heilt uventa ut i vegen. Det kan få katastrofale følgjar, seier Johansen.

Ifølgje han har mange triste lagnader, både for dyr og menneske, vorte unngått etter at dei fekk på plass ferista.

Påkjørt vilt på E6 ved Stange

TRIST LAGNAD: Når man kjem i 110 km/t kan det få katastrofale følger om noko plutseleg hoppar ut i vegen, seier Johansen.

Foto: Jørn Harald Sørlie

Les også Antall viltpåkjørsler øker og få tiltak hjelper

Elg som kryssar vegen i Innlandet

Eit større prosjekt

Bjørn Inge Holter er prosjektleiar i Statens vegvesen. Han fortel at ferista er ein del av eit større prosjekt for å skape tryggare køyreforhold på strekninga.

Derfor har ikkje prosjektleiaren konkrete tal på kor mykje ferista har kosta.

Han presiserer likevel at kvar einaste krone er verd det:

– Alle ulykker vi kan unngå med viltpåkøyrslar er ei god investering.

Bjørn Inge Holter, prosjektleder i Statens vegvesen, ved viltgjerdet på E6 i Stange.

BEHOV: Holter fortel at det var eit stort behov for tiltak, basert på tala Statens vegvesen får frå viltnemnda.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Det er ikkje berre i Stange det blir gjord tiltak for å hindre viltpåkøyrslar. I Tokke kommune i Telemark bruker dei snøskuter:

Les også Bruker snøskuter for å hindre viltpåkjørsler

Snøskuter kjører i snøen

Aktuelt fleire stader

Prosjektleiaren fortel at Statens vegvesen er veldig takksame for samarbeidet dei har med viltnemnda og entreprenørane for å finne gode løysingar som kan hindre viltulykker.

No kan det bli aktuelt å tenkje på same løysing fleire stader.

Stor ferist ved E6 i Stange

GIGANTISK: Ferista er heile 4x12 meter stor, og er truleg det største Vegvesenet har laga.

Foto: Kjell Åge Kampestuen / NRK

Sjølv om ferista er full av is og snø om dagen tyder ting på at dyra ikkje går over den, fortel leiar i viltnemnda John Terje Johansen.

Om det er slump, eller om det er fordi dei trakkar på metall, er ikkje Johansen sikker på.

– Men det har gått veldig bra. Overraskande bra, seier han.

Les også Her gjekk dei frå hundre til null elgpåkøyrslar på eitt år

Elg påkjørt og drept på Nordlandsbanen i Rana kommune. Nabo Leif Egil Amundsen

Håvard Lonbakken er produksjonsleiar i Lonbakken mekaniske verk, som har laga den gigantiske ferista.

– Det er utan tvil den største vi har laga. Eg trur faktisk det er den største i heile verda, seier han.

Håvard Lonbakken

ARTIG: Lonbakken synast det er stas at den store ferista har funka så bra.

Foto: Privat

Produksjonsleiaren synast det er godt å sjå at den fungerer.

– Vi hadde ikkje rekna med så stor suksess. Det er jo i ein heilt annan liga, så det er kult å sjå at det har gått så bra.

No prøver bedrifta å utvikle ferista, for dei ser at behovet er stort.

– Det er noko som fungerer for å hindre påkøyringar. Eg håper det blir aktuelt å lage fleire, seier han.