Hopp til innhold

Krev at regjeringa held ord: – Må bli slutt på romantiseringa av studenttilværet

Alle partia gjekk til val på å auke studiestøtta. Men det kjem ikkje meir pengar i statsbudsjettet.

Gesine Fischer, leder ved Studentorganisasjonen i Innlandet (StInn).

LEI: Gesine Fischer, som er leiar i Studentorganisasjonen i Innlandet er lei av at studentar må leve under fattigdomsgrensa.

Foto: KNUT RØSRUD / NRK

Det må bli slutt på det fattige studenttilværet og romantiseringa av å vere fattig student. Våre studentar slit med å betale rekningane sine.

Det seier leiaren i Studentorganisasjonen i Innlandet, Gesine Fischer.

Ho seier ho forventar at partia som har gått til valkamp på å auke studiestøtta, held løfta sine i budsjettforhandlingane.

Politikarane er i budsjettforhandlingar no. Sjølv om regjeringspartia seier dei er opptekne av studentane sin økonomi, er det ikkje lagt opp til at dei får meir pengar i støtte enn dei har no.

– Under fattigdomsgrensa

Eit basislån for ein fulltidsstudent ved universitet og høgskule er på 126 357 kroner i året. Av dette er rundt 50 000 stipend, resten lån. Utbetalinga er på litt over 8000 kroner i månaden.

Mange studentar har deltidsjobb ved sidan av studia for å dekke utgifta sine. Fischer seier studentar som må bruke fleire timar på betalt arbeid brukar mindre tid på studiar, og har auka risiko for å oppleve dårlegare helse.

nuddel og budsjett

NUDLAR OG BUDSJETT: Studentar ved Høgskulen i Innlandet fekk delt ut ei pakke nudlar og eit studentbudsjett. Fischer seier mange får høyre at det er nudlar dei skal leve på som studentar, men det er ikkje bra nok, meiner ho.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Mange uroar seg over å få betalt alle rekningane.

Dei fleste studentar lever under fattigdomsgrensa. No i eksamenstida er det ein ekstra stor belastning å måtte sjonglere jobb og studiar, seier ho.

  • Vegard Bjørsvik måtte skaffe jobb etter berre to månader som student:

Løfter i valkampen

Alle partia sa i valprogramma at dei ville auke studielånet. Sp ville det skulle auke til 150 000 kroner i året. Ap gav ingen tal, men var opptekne av å få fleire heiltidsstudentar.

Sjekk kva alle partia sa om studiestøtte i valprogramma sine:

NRK forklarer

Dette sa partia om studielån før valet

Dette sa partia om studielån før valet

Arbeiderpartiet

Auke studielånet og få fleire heltidsstudentar

  • Lage ny modell for studiefinansering fleire skulle få vere heiltidsstudentar.
  • Gi tolv månaders studiestøtte til heltidsstudenter med barn under 16 år.
Dette sa partia om studielån før valet

Høgre

Auke studielånet, spesielt til dei som blir fort ferdige

  • Studiestøtta skal auke minst like mykje som pris- og lønnsveksten i samfunnet.
  • Gjere at studentar skal kunne jobbe og tjene meir under studiene, utan at stipendet blir mindre.
  • Auke støtta til studentar som vil ta utdanningen raskare enn normert tid, og til studenter med barn.
Dette sa partia om studielån før valet

Framstegspartiet

La studentar tene meir utan å miste studielån

  • La private bankar få tilby studielån med same vilkår som Lånekassa, slik at studentar kan velge bank sjølv.
  • La folk tene meir medan dei studerer, utan at studielånet blir mindre.
  • La meir av skulepengane skal bli gitt som stipend til dei som går på privatskule i Noreg eller tar utdanning i utlandet.
Dette sa partia om studielån før valet

Senterpartiet

Auke studielånet til over 150.000 kroner i året

  • At studentar skal kunne jobbe og tene meir under studia, utan at stipendet blir mindre.
  • Behalde ordninga med at 40 prosent av lånet blir gjort om til stipend om du står på eksamen.
Dette sa partia om studielån før valet

Sosialistisk Venstreparti

Auke studielånet til over 200.000 kroner i året

  • Auke studielånet og fordele det over tolv månader.
  • Behalde ordninga med at 40 prosent av lånet blir gjort om til stipend om du står på eksamen.
  • Utvide ordninga som finnst i Finnmark og Nord-Troms, der folk får sletta delar av studielånet sitt, slik at ordninga også gjeld i andre delar av Distrikts-Noreg.
Dette sa partia om studielån før valet

Venstre

Auke studielånet til over 150.000 kroner i året

  • Gi studentar med barn studiestøtte fordelt over 12 måneder.
  • Gi studielån seinere i livet om ein vil ha påfyll av kunnskap eller kompetanseheving.
Dette sa partia om studielån før valet

Kristleg folkeparti

Auke studielånet til over 150 000 kroner i året.

  • Gi studentar med barn minst 200.000 kroner i studielån og betale ut støtta kvar månad fram til barnet er 12 år.
Dette sa partia om studielån før valet

Miljøpartiet dei grøne

Auke studielånet til over 150.000 kroner i året

  • Sikre at minst 40 prosent av studielånet blir gjort om til stipend når ein består eksamen.
  • Gi studenter med barn studiestøtte i 12 måneder.
  • Gjøre det lettare å få støtte til å studere uansett alder.
Dette sa partia om studielån før valet

Rødt

Auke studielånet til over 250 000 kroner i året

  • Fullstipendiering av alle studenter.
  • Doble dagens studielån.
  • At 60 prosent av lånet skal gjerast om til stipend om ein står på eksamen.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil innføre 12 månaders studiestøtte for heiltidsstudentar som har ungar under 16 år. Men andre studentar får ikkje meir pengar i budsjettet for 2022.

Ikkje med i dette budsjettet

Marit Knutsdatter Strand (Sp) sit i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho seier partiet er veldig opptekne av å gi studentar betre kjøpekraft.

Marit Knutsdatter Strand

VIL BETRE TILHØVA: Marit Knutsdatter Strand i Senterpartiet seier dei vil bruke dei neste fire åra på å gi studentar betre kjøpekraft. Men det skjer ikkje no.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Vi klarte ikkje å endre alt vi ønska på tre veker etter vi tok over for Solbergregjeringa sitt budsjett. Så vi må jobbe for å få det til i løpet av fireårsperioden vi er inne i, seier ho.

Ho seier dei er opptekne av å jobbe for betre vilkår for alle studentar, og skal komme tilbake til kva dei kan gjere framover.

Det er viktig å gå gjennom ordningane slik at det gir studentane betre kjøpekraft, så ein har betre moglegheiter til å fullføre enn ein gjer i dag, seier Strand.

Elise Waagen er utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet. Ho seier dei også har store ambisjonar om å betre økonomien for studentar.

Vi er ikkje nøgde med situasjonen slik den er no. Ein trygg økonomi er avgjerande for at studentar skal kunne konsentrere seg om utdanninga si. Difor har vi også to gonger under pandemien sikra studentane ein ekstra krisemilliard, seier ho.

Elise Bjørnebekk-Waagen

IKKJE NØGD: Elise Waagen seier ho skjønar at studentane er frustrerte med den økonomiske situasjonen sin. Ho seier Ap vil jobbe vidare for å betre økonomien for dei.

Foto: PETER MYDSKE / Stortinget

Regjeringa har teke over budsjett frå den førre regjeringa og er i forhandlingar no. Waagen seier dei skal gjere meir for studentane i framtidige budsjett.

Arbeidarpartiet og Sp prioriterer studentvelferda. Vi har sagt i Hurdalsplattformen at vi vil legge betre til rette for både heiltids- og deltidsstudentar, og frå neste år er det vi som lager heile statsbudsjettet, seier Waagen.

– Kan ikkje leve på nudlar

Gesine Fischer og andre aksjonerte ved Høgskulen i Innlandet på Lillehammer. Der delte dei ut ei pakke nudlar til studentane.

Det er det studentar gjerne får høyre at dei skal leve på. Det er ikkje greitt å berre leve av det.

Dei delte også ut eit studentbudsjett, som viser at norske studentar ikkje har råd til verken fritid, lege, klede eller julegåver.

nuddel og budsjett

BUDSJETT: Ifølge dette budsjettet har ikkje studentane råd til å reise heim til jul. Utan ekstra inntekt har dei ikkje pengar etter å ha betalt husleige, straum, internett og månadskort.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Fischer seier at sjølv om det er bra at studentane med ungar får ekstra støtte er ho ikkje heilt nøgd enno.

Eg blir nøgd om politikarane held løfta sine, seier ho.

Flere saker fra Innlandet