Høgskulane i Lillehammer og Gjøvik er leie av å vente på at Høgskolen i Hedmark skal kaste seg med i omlegginga til eit Innlandsuniversitet.
Hedmark vil ha pause
Nå vil leiinga ved dei to skulane ha ein stor skule, og trur på samanslåing om to år. Styra ved skulane i Lillehammer og Gjøvik skal behandle saka i løpet av desember.
Samanslåinga av dei to høgskulane i Oppland har aktualisert seg fordi planane om eit innlandsuniversitet, er lagt på is i eit par år. Det er høgskolen i Hedmark som har bede om ei pause for å avklare kva omstillingar skulen må gå gjennom ved ei framtidig samanslåing.
Gudmund Moren (Foto: NRK)
Storskule
Ein stor høgskule i Oppland vil få tilsaman 4.000 heiltidsstudentar og 1.000 deltids- og fjernundervisningsstudentar. I tillegg til 450 tilsette.
- Samanslåinga av høgskulane i Oppland er berre fyrste steg på vegen til eit innlandsuniversitet, seier rektor ved Høgskolen i Lillehammer Gudmund Moren.