Hopp til innhold

Galina (81) budde to månader i kjellaren: – Eg vil heim så snart krigen er over

Etter to månader midt i krysselden i Kharkiv er Galina Dmitrieva endeleg trygg i Noreg.

Galina Dmitrieva

TUNGE TANKAR: Galina Dmitrieva brest i gråt når ho fortel om heimen ho hadde like utanfor Kharkiv. Tolk og støttespelar Maryna Sachenok trøystar henne.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Då Russland angreip Ukraina i februar gjekk Galina Dmitrieva ned i kjellaren i huset sitt i utkanten av Kharkiv.

Der vart ho verande i to månader.

Kharkiv var under eld, og eit roleg liv i eit hus med hage og høner vart brått endra til ein kamp for å overleve.

– Bombene kom frå alle kantar. Det var flammar overalt, og vi forstod ikkje kva som skjedde. Det var veldig skremmande, fortel den eldre kvinna stille.

Ho flykta frå Kharkiv etter to månedar i tilflukt i kjellaren. No bur ho heime hos ein god hjelpar i Brandbu. Men ho saknar heimen sin.

FLYKTA FRÅ ALT: Ho flykta frå Kharkiv etter to månader i tilflukt i kjellaren. No bur ho heime hos ein god hjelpar i Brandbu. Men ho saknar heimen sin.

I tryggleik

No bur Dmitrieva heime hos lastebilsjåføren Leon Thomassen i Brandbu på Hadeland. Han er ein av mange private eldsjeler som har organisert bussturar til Polen for å hente ukrainske flyktningar til Noreg.

Galina

PÅ REISE: Galina Dmitrieva utanfor bussen ein stad i Polen.

Foto: Leon Thomassen / privat

Ei av dei som kom på bussen i byrjinga av mai var altså Dmitrieva, eller «babushka» som Thomassen kallar henne.

– Ho fortalde at ho hadde gått til fots store delar av vegen mellom Kharkiv og Lviv, seier Thomassen.

Dmitrieva sjølv fortel at ho ikkje ville forlate heimen sin, men at ho måtte. Då ho vart tvangsevakuert av ukrainske militære rakk ho ikkje å få på seg sko.

Les også Kharkiv slikker sine sår

En kvinne står inne på et kjøkken som er utbombet.

– Så eg gjekk heile den første dagen utan sko, legg ho til.

Dei andre flyktningane vart køyrd til det nasjonale ankomstsenteret i Råde, men «babushka» vart med bussen heilt heim til Brandbu.

Leon Thomassen på bussen

PÅ BUSSEN: Leon Thomassen har organisert fleire bussturar til Polen for å hente flyktningar. Maryna Sachenok har sjølv flykta frå Ukraina, og har bidratt som tolk og medhjelpar på mange bussar til Polen.

Foto: leon thomassen / privat

– Eg kunne ikkje la ei så søt gammal dame komme til Noreg og vere aleine på sine gamle dagar. Det var eitt eller anna inni meg som berre sa at eg måtte hjelpe henne, seier Thomassen.

Etter kvart fekk dei kontakt med dotter til Dmitrieva som hadde flykta til Tyskland. No bur også ho heime hos Thomassen i Brandbu.

Gelina og Elena

TRYGGE SAMAN: Galina Dmitrieva (i midten) bur no saman med dottera Olena Biesiedina heime hos Leon Thomassen i Brandbu.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Synest Noreg hentar for få flyktningar

Sidan krigen i Ukraina starta har norske eldsjeler henta over 5000 ukrainske flyktningar til Noreg med buss. Dryge 3000 av desse har komme frå mottakssenteret i den polske byen Przemysl nær grensa til Ukraina.

Lastebilsjåføren Leon Thomassen har brukt rundt 200 000 kroner av eigne og innsamla pengar på to av bussane.

Men no er dette tilbodet i ferd med å stoppe opp.

Les også Her blir Ivan (11) hentet av en norsk buss: – Jeg savner vennene mine

Ivan på reise til Bergen

– I tre og ein halv månad har vi drive med ad hoc løysingar. No er vi blakke. Vi frivillige har ikkje meir pengar, seier han.

Thomassen meiner behovet framleis er stort, og at norske myndighetar burde engasjere seg meir i å hjelpe flyktningar til Noreg.

– Det kan ikkje vere opp til frivillige å hjelpe folk som står midt i ei stor humanitær katastrofe. Eg er veldig skuffa over den norske regjeringa, dei gjer ingen ting for å hjelpe folk til Noreg, seier Thomassen.

Har henta 14

NRK har gjort ei rekkje forsøk på å få justisminister Emilie Enger Mehl til å kommentere kritikken frå Thomassen. Førebels har vi ikkje lukkast.

Men regjeringa har tidlegare åtvara mot slike private hjelpeinitiativ som det Thomassen står bak. På ein pressekonferanse i mars sa justisminister Emilie Enger Mehl at regjeringa råda private frå å hente flyktningar sjølve.

Grunnen er at regjeringa fryktar menneskehandel, og at styresmaktene ikkje får god nok oversikt over kven som kjem til landet.

Emilie Enger Mehl

ÅTVARAR: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har bedt frivillige om ikkje å hente flyktningar på eiga hand.

Foto: William Jobling / NRK

På den same pressekonferansen sa statsminister Jonas Gahr Støre at Noreg skulle hente 2500 ukrainske flyktningar frå Moldova. Nabolandet til Ukraina i sør hadde bedt Noreg om hjelp til å handtere flyktningkrisa innanfor det europeiske samarbeidet med EU.

Men då det første flyet frå Moldova landa 14. mai var det berre 14 flyktningar om bord . Sidan har ikkje Noreg henta fleire flyktningar, korkje frå Moldova eller andre land.

– Dei var jo i utgangspunktet i tryggleik i Moldova, så dei ynsker i mindre grad enn før å dra lenger vekk, sa Wenche Fone, direktør for vern i UDI, til NRK den gongen.

– Framleis behov i Polen

Leon Thomassen seier at han veit om mange som sit på mottak i Polen som vil til Noreg.

– Dei som flyktar no er ikkje like ressurssterke som dei som reiste dei første dagane. Dei treng hjelp for å komme seg vidare, seier han.

Men Polen har ikkje formelt bedt Noreg om hjelp.

I mai sa rett nok den polske ambassadøren at landet hadde sett pris på om Noreg ville tilby seg å ta imot eit konkret talet på flyktningar frå Ukraina.

Les også 3 millioner har flyktet til Polen: – Hadde satt pris på hjelp fra Norge

Polens ambassadør Iwona Woicka-Żuławska

Då svara justisminister Enger Mehl dette:

– Vi vil opne for å relokalisere for dei som ber om bistand om det. Polen har ikkje bedt om slik bistand, og vi kjenner heller ikkje til at dei har bedt om bistand via dei felles europeiske løysingane som det no er langt opp til.

Leon Thomassen er oppgitt.

Han fryktar at det no ikkje lenger blir mogleg for flyktningar som Galina Dmitrieva å komme seg til Noreg

– Det er kanskje på tide at regjeringa gjer noko aktivt no, seier han. Vi frivillige, som er heilt vanlege folk, har henta over 5000 flyktningar til Noreg. Regjeringa har henta 14.

Det er jo ikkje sånn det skal vere, legg han til.

Sidan tirsdag 21. juni har NRK bede justisministeren om ein kommentar ei rekkje gonger. Kommunikasjonseininga til Justisdepartementet sitt førebels siste svar kom onsdag 29. juni:

«Hei! Beklager at dette tar litt tid. Vi kommer tilbake til deg så raskt som mulig».

Leon og Galina

UNIKT VENNSKAP: Lastebilsjåfør Leon Thomassen og Galina Dmitrieva har blitt gode venner.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Vil tilbake

Galina Dmitrieva er svært takksam for all hjelpa ho har fått i Noreg.

I løpet av intervjuet understrekar ho fleire gonger kor glad og rørt ho er over korleis Noreg har tatt i mot henne som flyktning.

Les også Gikk inn i Ukraina på natta for å hente treåring

Anastasiia Zubytska og Airis.

Den siste tida i tilflukt i kjellaren i Kharkiv var strevsam. Dei byrja å gå tom for mat, og Dmitrieva frykta det skulle gå slik det gjekk etter den førre krigen på ukrainsk jord.

– I 1946 var eg fem år gammal, seier ho. Då hadde vi ingenting. Vi åt trær for å overleve. Eg er redd det skal bli slik også i denne krigen.

Ho håpar ho rekk å oppleve at krigen tar slutt.

– Då vil eg tilbake, seier ho. Eg drøymer om å få sjå heimlandet mitt igjen.

Vi spør henne om kva ho tenkjer om russarane no?

Ho blir stille, men det blenkjer i augo hennar.

– Eg vil ikkje tenkje på dei, seier ho omsider. Eg er berre ei vanleg, eldre kvinne som stelte hagen og huset mitt. Det er alt, seier Galina Dmitrieva. Meir er det ikkje å seie.

Galina og Elena

MOR OG DOTTER: Galina og Olena bur midlertidig i huset til Leon Thomassen i Brandbu. Når krigen ein gong tar slutt vil dei tilbake til Ukraina.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Flere saker fra Innlandet