Hopp til innhold

Fullt på 66 sekund

Større interesse enn nokon gong for Birkebeinerrittet.

birkebeinerrittet

Aldri har det vore så stor interesse for å sikre seg startnummer for Birkebeinerrittet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Du måtte vere kjapp på labben for å sikre deg moglegheit til å sykle frå Rena til Lillehammer.

I løpet av 66 sekund var 6000 deltakarar påmeldt, og etternølarane måtte setje seg på venteliste.

Kristine Tollefsen frå Rena var ein av dei som sat klar framfor datamaskina for å sikre seg det gjeve startnummeret.

- Eg trur at eg rakk det. Det er kjempebra, nå er eg glad, er hennar umiddelbare reaksjon etter at stafestinga er på plass.

- Folk er spente

Tone Lien

Dagleg leiar i Birkebeinerrittet, Tone Lien, har aldri opplevd større pågang.

Foto: Frode Meskau / NRK

Dagleg leiar i Birkebeinerrittet, Tone Lien, seier at dei aldri har opplevd så stor pågang.

Forutan dei 6000 som rakk å melde seg på i løpet av 66 sekund, var det 8000 uheldige som vart ståande på venteliste.

Lien fortel at nervane er på høgspenn hjå mange når dei sit framfor datamaskinene og skal melde seg på styrkeprøva over fjellet.

- Det heile går så fort, så mange er usikre på om dei faktisk har plass eller om dei står på venteliste. Kor mange telefonar som står på vent på sentralbordet vårt nå har eg ikkje tal på.

- Har gått bra

Lien seier at det meste foreløpig tydar på at påmeldingsracet har gått bra.

- Det er eit godt teikn når vi har fått berre 46 mailar etter 20 minutt. For to år sidan hadde vi 5000 mailar etter ein halvtime, så mykje tyder på at dette har gått bra.

- Kva for trøst har du til dei som står på venteliste?

- Dette beste rådet eg kan gje er å melde seg på fredagsbirken når dei billettane blir lagt ut neste veke.

- Eit år med hardkjør

Men Kristine Tollefsen er ein av dei heldige som har fått klarsignal til å stille på laurdagsløpet neste sommar.

Etter eit minutt med gledesrus går det opp for ho kva erobringa av birken-startnummer faktisk betyr.

- Nå må det vel bli eit år med trening og hardkjør for å bli klar til rittet, ler ho.

Kristine Tollefsen

Kristine Tollefsen var ei av dei heldige som sikra seg startnummer til neste års Birkebeinerritt.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Flere saker fra Innlandet