Hopp til innhold

Like før vegen var ferdig heva entreprenøren kontrakten

I to år har dei jobba med å utbetre fylkesvegen. No var det berre avslutningsarbeidet som stod att, så trekte entreprenøren seg.

Foto: NRK

FULL STANS: Slik har gravemaskinene på fylkesveg 33 ved Bjørgo i Valdres stått den siste tida. No er det full stans i arbeidet.

Foto: NRK

– At dei heva kontrakten rett før sluttspurten, det er eg overraska over, seier samferdselssjef i Innlandet fylkeskommune, Aud Riseng.

I mai 2018 starta entreprenørselskapet Contexo AS arbeidet med å utbetre fylkesveg 33 mellom Fagernes og Dokka.

Dette er det største vegprosjektet fylkeskommunen har i Innlandet no.

Vegen skulle etter planen stå ferdig 1. juli i år. Slik vart det ikkje.

Entreprenøren fekk utsett frist til 15. juli. Det rakk dei heller ikkje, og arbeidarane gjekk ut i ferie.

Det vart sagt at arbeidet på fylkesveg 33 skulle starte opp att i starten av august.

Men no, like før vegen er ferdig, har Contexo heva kontrakten.

Foto: NRK

SLUTTFASE: Arbeidet på vegen har gått føre seg i to år, no nærma dei seg slutten på prosjektet. Til saman er vegen som skulle utbetrast 11 kilometer lang.

Foto: NRK

Konflikt i lengre tid

Utbygginga er rekna til å koste om lag 330 millionar kroner. Beløpet har blitt justert opp to gonger undervegs i arbeidet.

Det skal ha vore ei konflikt mellom fylkeskommunen og entreprenøren i lengre tid. Konflikten skal ha dreia seg om økonomi og fakturering.

Entreprenøren meiner at dei ikkje har fått oppgjer fullt ut av fylkeskommunen.

– Det er grunnen til at vi har funne det nødvendig å heve kontrakten, seier styreleiar i Contexo AS, Jon Erik Nygaard.

Han ønsker ikkje å kommentere størrelsen på beløpet, men fortel at det skal vere eit stort beløp.

Samferdselssjefen i Innlandet avviser dette, og seier ho er ueinig i det leiinga i Contexo seier.

Foto: NRK

GRUSVEG: Store delar av fylkesveg 33 over Tonsåsen er asfaltert. Eit mindre parti ved Bjørgo manglar framleis asfalt.

Foto: NRK

– Snart ferdig

– Heldigvis er fylkesvegen snart ferdig. Det er lagt det fyrste asfaltdekket så det går fint å køyre der no, men det er ein del arbeid som står att, seier Riseng.

Aud Riseng

BEKLAGELEG: Samferdselssjef i Innlandet fylkeskommune, Aud Riseng, seier at det er beklageleg at Contexo har heva kontrakten om arbeidet på fylkesveg 33.

Foto: terje G. Hong / NRK

Det manglar framleis eit lag med asfalt på den ti kilometer lange strekninga.

I tillegg står det att montering av rekkverk, merking av vegbanen og arbeid i sideterrenget langs vegen.

Kven som skal gjere dette no når entreprenøren har heva kontrakten, er førebels usikkert.

HOVUDÅRE: Fylkesveg 33 over Tonsåsen er ein viktig veg for Valdres som bind dalføret tettare til mjøsbyane. Kartet viser dei to strekningane Contexo har jobba på.

Viktig veg

Tal frå Statens vegvesen viser at rundt 3000 bilar køyrer fylkesveg 33 over Tonsåsen dagleg. Vegen er hovudåra mellom Valdres og Gjøvik.

– Fylkesvegen peikar jo i retninga mot mjøsbyane og administrasjonssenteret i Innlandet, så det er heilt klart ein viktig veg for Valdres, seier varaordførar i Nord-Aurdal kommune, Håvard Halvorsen.

– Vi reknar med at fylkeskommunen får ferdigstilt vegen. Det er viktig for oss å få den ferdig så fort som mogleg.

Foto: Silje Eskeland Bjørkli / NRK

MANGLAR: Det fyrste dekket med asfalt er lagt på den lengste strekninga. Framleis manglar eitt lag, vegmerking og rekkverk.

Foto: Silje Eskeland Bjørkli / NRK

Det jobbar no samferdselssjefen i Innlandet med å få til.

– Dette er ein av dei viktigaste fylkesvegane vi har i Innlandet. Ikkje minst for Valdres og Vestoppland. Det er også ein viktig veg over til vestlandet, seier Riseng.

– Vi skal gjere det vi kan for å få sluttført arbeidet så fort som mogleg. Vi må prøve å få det ferdig i haust.

Flere saker fra Innlandet